Hopp til innhold

På femten år har Olav aldri opplevd at det har gått så få snøras her

Olav Stalheim har budd på Bakka i Aurland i femten år. På den tida har han aldri opplevd ein så roleg skredvinter. Raset som gjekk i går er berre det andre denne sesongen.

Olav Stalheim gler seg over at det har vore få ras på vegen til Bakka i Aurland denne vinteren

BERRE TO: Olav Stalheim gler seg stort over at det har vore få ras på vegen til Bakka i Aurland denne vinteren.

Foto: Montasje: NRK-tipsar/privat

Fylkesvegen frå Gudvangen til Bakka i Aurland er ein av mange rasutsette vegar i Sogn og Fjordane. Men denne vinteren har vore spesiell.

Medan det tidlegare vintrar har vore stengd både titt og ofte, har det denne vintersesongen berre gått to ras. Eitt i januar, og eitt i går kveld.

Stalheim har budd på Tufto i nærleiken av Bakka i femten år, og gler seg stort.

– På dei femten åra kan eg ikkje hugse at det har vore så få skred.

– Det er mykje lettare å fungere i det daglege når ein slepp tenkje på at det kan kome eit skred, seier han til NRK.no.

Kan bli både innstengt og utesperra

Saman med kona Liv Karin Stalheim jobbar han på garden deira som ligg langs med Nærøyfjorden. Midt i verdsarvområdet er det både idyllisk og vakkert, men dei bratte fjella gjer at det også kan vere farleg.

Dei som bur i området veit godt at det kan gå ras når dei skal ta vegen inn til Gudvangen. I tillegg til faren det utgjer med tanke på at bilar og folk kan bli tekne, betyr ras og rasfare også at folk kan bli både innestengt og utesperra.

Både bilar og gravemaskinar har vore nære å bli tekne av ras på denne vegstrekninga.

At vintersesongen vi legg bak oss skil seg ut er noko Stalheim har merka seg. Det kalde, stabile vêret med lite snø gjer at det både på denne vegen og andre plassar har gått færre skred over vegane.

– Det har vore veldig lettvint i vinter, med stabilt flott vintervêr, med lite snø og lite skred, seier han til NRK.no.

Vinteren 2011 fanga Alexander Paulsen eit skred i Gudvangen på video.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Snøskred i Gudvangen

Den 25. februar i 2011 fekk Alexander Paulsen festa dette skredet på film i Gudvangen. Fjellsida her er kjent for å vere svært rasutsett.

– Snakkar helst ikkje om det

– Korleis er det å leve med ein så rasutsett veg?

– Det er litt slitsamt. Det er noko du tenkjer på både titt og ofte at det kan kome eit skred. Skal du på eit møte langt fram i tid, så veit du ikkje om du kjem deg fram.

– Plutseleg kan det hende av vegen er stengd. Det har skjedd meg fleire gonger, seier han til NRK.no

Men sjølv om ras og rasfare er noko innbyggjarane her må halde seg til, er det ikkje slik at dei snakkar så mykje om det.

– Vi snakkar helst ikkje om det. Vi likar ikkje prate om det, for vi har nok av det, forklarar Stalheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på vegen mellom Gudvangen og Bakka

HØYRDE BULDRINGA: Matros Robert Bøge og mannskapet på ferja Fjærlandsfjord fekk eit nært møte med naturkreftene då dei vart vitne til eit stort snøskred som losna i fjellsida på vegen mellom Gudvangen og Bakka sist vinter.

Foto: Robert Bøge

Trur det kjem meir

Raset som gjekk tysdag kom i 19.30-tida på kvelden. Det er ca fire meter høgt og 30 meter breitt. Det har blitt gjort ei vurdering av rasområdet onsdag, men faren for at det skal kome ned meir gjer at ein ikkje vil opne vegen i dag.

At dei har vore heldige til no er ein ting, men no trur Stalheim at det kan kome ned meir. Den siste tida har det kome ned store mengder nedbør og dermed er snøen som ligg i fjellet både våt og tung.

– Det er litt snø att og mykje skavlar, så held det fram med slikt vêr som no kjem det til å kome meir. Det er ikkje så mykje snø, men det kan kome nokre skred likevel, seier han.