Hopp til innhold

Så kom Nautaskreda igjen

For fjerde gong på tre veker stengjer Nautaskreda fylkesveg 241 mellom Bakka og Gudvangen i Aurland.

Morten Gunnar Samskott i Gudvangen Stein AS.

KLAR FOR RYDDING: Morten Gunnar Samskott og dei tilsette ved Gudvangen Stein AS kan bu seg på nye dagar med snørydding etter snøskredet tysdag. Biletet er frå snøskredet førre helg.

Foto: Arne Veum

Vegen var stengd natt til tysdag på grunn av fare for snøskred.

Like før klokka 17 kom skredet. Store mengder snø følgde på nytt Nautagrovi - og rasvollane som vart bygd opp på slutten av 1990-talet.

- Det er klart at dette er irriterande, men eg tykkjer det er fornuftig å stengje vegen ved snøskredfare, seier Svein Tufte, ein av innbyggjarane på Bakka.

Får ikkje levert mjølk

Tufte er ein av to som leverer geitemjølk. Tankbilen var venta til gards onsdag morgon, men han tvilar på at vegen blir rydda til den tid. Vegen blir stengd til snøskredfaren er vurdert onsdag morgon.

Det byr på problem for dei ti personane som skal på skule og jobb.

- For min del kan det gå om vi ikkje får levert mjølk før fredag, men då kan ikkje vi vente lengre, seier Tufte.

Mindre enn sist

Fylkesvegen i Aurland har vore sterkt utsett for snøskred i vinter. Spesielt den siste månaden med fire store snøskred på tre veker. Fleire NRK har snakka med fortel at skreda kjem ned i vegen kvart einaste år sidan det vart bygd rasvollar for å skåne menneske og bygningar.

Rasvollane leiar snømassane rett mot vegen. Og kaianlegget der Gudvangen Stein held til. Skreda har fleire gonger gått heilt til ferjekaien, og utover kaikanten.

- Raset er noko mindre enn sist. Kring 50 meter breidt og ti meter på det høgaste, konstaterer Per Ramsøy, som er tilsett hos Gudvangen Stein.

Må utsette - igjen

Førre helg velta veldige snømasser nedover fjellsida. Vegen har i vinter vore stengd fleire dagar på grunn av snøskred og fare for snøskred.

Skreda har også fått følgje for Gudvangen Stein. Før skredet tysdag ettermiddag har dei måtte kansellere tre utskipingar berre i år.

- Då det førre raset gjekk, så måtte vi avbestille ein båt på 4 500 tonn. No skulle den båten inn i morgon, men vi har flytta den til fredag. No ser eg veldig svart på det også om den ikkje lastar snø, humrar dagleg leiar Morten Gunnar Samskott.

Får ikkje flytte

Likevel meiner Samskott at det mest fortvilande er at Gudvangen Stein ikkje får flytte til ein sikrare plass på andre sida av Nærøyfjorden.

Aurland kommune har laga reguleringsplan, men fylkesmannen vil ikkje ha noko av flyttinga.

- Planen gjeld å flytte kaien over på andre sida av fjorden. Men sidan det er del av verdsarvfjorden, så vil ikkje fylkesmannen ha noko av det. Ei heller der vi er no. Lasteanlegget får ikkje lenger løyve enn to år om gongen, seier Samskott.

Og bur seg på nye dagar med snørydding både på veg og kaianlegg.

I førre veke sa fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndestad til Sogn Avis at dei vil drøfte ei meir tenleg plassering for utskipingshamna med kommunen.