– No har vi reparatørar på veg om bord. Forhåpentleg vil vi ha oversikt over problema om ikkje så mange timar, og forhåpentleg ha utbetra det, seier regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.
Snart byrjar ettermiddagstrafikken på ferjesambandet, og då er ikkje reserveferja som no går i ruta, stor nok til å ta unna.
– Då blir det nok litt kø og venting på dette sambandet, seier Kristoffersen.
MF Årdal er til vanleg den einaste ferja på sambandet Anda-Lote, og har i år vore kjelde til frustrasjon for fleire reisande. Mellom anna Eid-ordførar Alfred Bjørlo er irritert over at den einaste ferja på ei så trafikkert strekning, ofte må innstille avgangar på grunn av reparasjonar.
Kristoffersen i Fjord1 er ikkje einig i at denne ferja ofte er ute av drift.
– Den har vore ute av drift nokre gongar i år, eit par timar av gongen. Ferja er bra nok til å gå i sambandet, så Årdal kjem til å halde fram i sambandet, òg i 2017, seier han.
Han meiner det er forsvarleg å ha denne ferja i drift på sambandet, sjølv om det er eit veldig trafikkert samband, og at det er opp til Statens vegvesen å avgjere om éi eller to ferjer bør gå der.
Det kjem til å vere to ferjer på sambandet frå januar 2018.
Tidlegare i dag var ferja på sambandet Værlandet-Askvoll òg ute av drift, men den er no tilbake i rute.