NRK Meny
Normal

Køar på Lote fredag: – Vi treng brua

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har ikkje gitt opp bru mellom Anda og Lote, og meiner køane på Lote-kaia fredag viser kvifor brua trengs.

Kø på Lote

KØ: Slik såg det ut på ferjekaia på Lote i går, etter at MF Årdal måtte bli erstatta av ei mindre ferje.

Foto: Sigmund Vereide

Mange måtte finne seg i å bruke delar av fredags-ettermiddagen sin i kø på ferjekaia på Lote, fredag. Den faste ferja, MF Årdal, måtte på reparasjon, og ei mindre ferje var sett inn for å ta unna trafikken over fjorden.

Ein av dei som måtte vente på ferjekaia var ordførar i Eid, og bruforkjempar nummer éin, Alfred Bjørlo.

– Dette er tredje gang på litt over ein månad at ferga er ute av drift og det blir nødløysingar som ikkje fungerer godt nok. Det viser kor sårbart det er å ha eit ferjesamband på eit så trafikkert ferjesamband som Lote-Anda, seier Bjørlo.

Ordførarar møter Sanner

NEI TIL SAMANSLÅING: Kommunalminister Sanner lokka Bjørlo og Gloppestad med brupengar. Men Gloppen sa nei.

Foto: Agnar Kaarbo / Kommunaldepartementet

Nederlag

Saman med ordførarkollega Leidulf Gloppestad i Gloppen, har Bjørlo sendt brev til Statens vegvesen for å få vite korleis ferjeproblema på strekninga skal løysast.

– Vi har ikkje fått svar, så vi snakka akkurat om at vi må purre på vegvesenet for å få vite kva som skjer, seier han.

Etter at Anda-Lote tapte kampen om E39, var ei samanslåing av Eid kommune og Gloppen, på tvers av fjorden, det beste kortet for å skaffe finansiering til bruprosjektet. Det var venta at kommunalminister Jan Tore Sanner ville premiere samanslåing av dei to kommunane med brupengar.

Men etter at innbyggarane i Gloppen røysta nei til samanslåing, har det blitt usikkert korleis brua skal finansierast.

– Eg er overtydd om at vi hadde hatt ein raskare veg til mål om vi hadde hatt litt guts og slått saman desse kommunane. Men det ser eg på som eit mellombels tilbakeslag.

– God samfunnsøkonomi

Bjørlo kjempar framleis for brua, og meiner det er like aktuelt som før.

Han seier at trafikken er på det nivået som var før Kvivsvegen opna, og at i sommar har det vore veldig høg trafikk på sambandet.

– Det er eit godt trafikkgrunnlag her og det er det viktigaste poenget for at det er god samfunnsøkonomi i å få på plass ei bru. Då kan trafikkantane si tid og pengar gå til bru i staden for denne evinnelege ferjeventinga, seier ordføraren.

Men det er eit mellombels lys i enden av Lotetunnelen for Bjørlo og alle som ofte ferdast mellom Lote og Anda. I januar 2018 vil det bli 20 minutts-avgangar på ferjesambandet.

– Det vil i alle fall ta unna dei akutte problema. Så det kan vi sjå fram til, på vegen mot bru.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast