Hopp til innhold

Unge slurvar med dekkbyte om vinteren

Forsikringsselskap meiner myndigheitene bør vurdere eit påbod om vinterdekk. – Ikkje naudsynt, nokre dagar er sommardekk betre, seier NAF.

Mange kjører med sommerdekk på vinterføre

KAN KOSTE SKJORTA: Køyrer du på vegar som det her med sommardekk, kan du miste førarkortet og retten på erstatning frå bilforsikring.

Foto: NRK

– Eg hadde null kontroll, seier Jakob Bø (17).

Han er på glattkøyring i Jølster og har nettopp fått sin første sleng på bilen. Bakdelen av bilen sklei ut i motsett køyrebane medan dekka prøvde å finne grepet i svingen.

Når Jakob Bø får lappen neste år, blir han ein del av den aldersgruppa som slurvar mest med å skifte til vinterdekk. Det fortel ei ny undersøking frå NAF.

7, 9 prosent av bilførarane under 30 år svarte at dei køyrer på sommardekk om vinteren.

Førre veke skreiv NRK at så mange som 80.000 norske bilistar køyrer med sommardekk om vinteren.

Jakob Bø og Eirik Ansnes på glattkøyring

GLATTKØYRING: Jakob Bø og køyrelærar Eirik Ansnes på sikkerheitskurs i Jølster.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Manglande dekkskifte kan koste deg dyrt

– Myndigheitene bør vurdere eit påbod om vinterdekk, seier informasjonssjef i If Sigmund Clementz.

Fem prosent av bilane forsikringsselskapet If skadetakserte i fjor vinter hadde sommardekk.

Også forsikringsselskapet Tryg ønskjer diskusjonen om eit påbod velkomen:

– Eit påbod om vinterdekk bør absolutt vurderast. Vi veit at dårlege dekk er årsaka til mange ulykker og uhell på vegane, seier Ole Irgens, som er informasjonssjef i Tryg.

Ifølgje Statens vegvesen var feil på dekk eller hjul medverkande årsak i elleve av dødsulykkene i Noreg i fjor.

Informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If

VIL DISKUTERE VINTERDEKKPÅBOD: Sigmund Clementz, Informasjonssjef i If, oppfordrar myndigheitene om å vurdere eit påbod om vinterdekk.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

– På vått føre er sommardekk sikrare

Er køyreforholda gode nok, er det lovleg å køyre med sommardekk om vinteren. Med mindre politiet vurderer det som uforsvarleg. Då kan bilføraren miste førarkortet og få fleire tusen kroner i bot.

– Departementet forventer at folk setter seg inn i de regler som gjelder, bruker sunn fornuft, og lar bilen stå dersom dekkutrustningen ikke er tilpasset føreforholdene, skriv Tommy Skjervold, statssekretær i Samferdselsdepartementet, i ein e-post til NRK.

Han meiner lova er god nok som han er.

For tungtransport finst det allereie eit påbod om vinterdekk. Det same påbodet er ikkje nødvendig for personbilar, skriv kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Ingunn Handagard:

«NAF mener vegtrafikkloven er tilstrekkeleg klar på at man skal være skodd for føret og et slikt påbod er derfor ikke nødvendig. Det er alltid førerens ansvar at bilen har dekk av riktig type og med tilstrekkeleg mønsterdybde. I Noreg varierer været veldig på vinterstid ulike steder i landet, og i varmegrader og på vått føre er sommerdekk sikrere enn vinterdekk.»

Eirik Ansnes

FØREBYGGANDE KØYRING: Køyrelærar Eirik Ansnes meiner ein bør skifte til vinterdekk i god tid før det blir glatt.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Trur yngre ikkje bytar dekk for å spare pengar

Tilbake i Jølster set trafikkskuleelev Jakob Bø på handbrekket og skrur av tenninga på bilen.

– Det er ganske håplaust å ta sjansen på om det er glatt eller ikkje, seier køyrelærar Eirik Ansnes.

Han trur det kan vere fleire årsaker til at unge køyrer meir med sommardekk: For det første handlar det om at mange lånar bilen til foreldra, og ikkje har det same eigarskapet til køyretøyet. I tillegg handlar det nok om storleiken på lommeboka.

– Det er jo dyrt å byte dekk så ofte som ein bør.