Hopp til innhold

Derfor bør du skru av julelysa om natta

Mange har allereie fått opp både adventsstakar og julestjerner, men desember er også blant månadane med flest husbrannar.

Eit hus med dekka med julelys.

JULEHUS: Jarl Henning Norevik i Høyanger er glad i å dekorere huset før jul, men han tek branntryggleiken på alvor.

Foto: Privat

Tida er kommen for å tørke støv av den gamle julestjerna du brukte i fjor.

Henge opp den same julestjerna og pynte ute med dei same julelysa, før du ser opp att den same filmen som i fjor.

I 2021 importerte vi juletrebelysning for heile 117 millionar kroner i Noreg, ifølge SSB.

Men juletrebelysingen kan også skape trøbbel, og då er det ikkje nødvendigvis straumsparing eller naboforholdet som står på spel.

Desember og januar er nemleg også månadane der det er flest husbrannar.

Adventsstjerne
Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Branntryggleik er viktig. Eg vil jo ikkje at noko skal skje, seier Jarle Henning Norevik.

Han pleier å slå på stortromma når det kjem til julelys, men tek også ei rekke forholdsreglar for at huset skal stå også til neste jul.

Gode sikringar, fordele forbrukarane over fleire sikringar og passe på at støpsel med transformator ikkje blir tildekt av brennbart materialet, er nokre av desse.

Les også – Få opp julelysene nå!

Julelys på busk ute

Sløkk lysa når du søv

Å tenke branntryggleik når du pyntar til jul er viktig, ifølge fagfolka.

Særleg om natta.

Du har ikkje kontroll fordi du søv. Skjer det eit eller anna med det elektriske har du plutseleg ein brann på gong som du ikkje merkar før det kan vere for seint.

Det seier beredskapsleiar i Kinn, Robert Endestad.

Han er understrekar at alle julelys bør sløkkast om natta eller når du ikkje er heime.

Ei julestake i seg sjølv er ikkje så farleg dersom alt fungerer som det skal.

Men for dei fleste av oss får julestaken berre sjå dagens lys i årets siste månad. Resten av året ligg han pakka vekk, stua vekk i ei eske eller på eit loft.

Då kan det fort vere manglar du ikkje har sett, som feil på leidningen og ustabile lyspærer, når du først tek han fram.

Det er mykje som kan skje med elektriske ting som ein ikkje har kontrollert skikkeleg før det blir sett opp, seier beredskapsleiaren.

Hus med julelys
Foto: NRK

Les også Bør vi slukke julelysene om natta?

Adventsstjerne

Ikkje fiks øydelagde lys sjølv

Kjetil Aspelund jobbar i el-tilsynet som tilsynsingeniør.

Han støtter beredskapssjefen i Kinn om at du bør sløkke julelysa om natta, sjølv om dei er av nyare dato.

Led er ikkje på langt nær like skummelt som ein litt eldre type lys med halogen eller glødepærer.

Det store spørsmålet er likevel om lysa faktisk er heilt i orden eller ikkje – etter 11 månader i boden eller på loftet. Den sjansen bør du ikkje ta utan å sjekka ting grundig først.

– Det kan bli slitasje, og då kan det bli dårleg kopling og forårsake brann, seier Aspelund.

Kjetil Aspelund i el-tilsynet

Aspelund i el-tilsynet seier nei til julelys om natta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han tilrår folk til å gå over leidningar for å sjå at det ikkje er skade.

Viss det er skade, skal du ikkje fikse dei sjølv.

Då bør dei heller kastast.

Kunderådgjevar i Gjensidige forsikring i Sogndal, Daniel Kvåle, er eining med både Aspelund og Endestad om at julelysa bør vere av om natta.

Han fortel at forsikringa likevel stort sett dekker brannar som kjem frå julebelysning.

Men uforsvarleg bruk av pynt som kan gi deg trøbbel med forsikringsselskapa, dersom uhellet er ute.

– Viss du har kopla leidningar på stikkontaktar som ikkje ser så bra ut, mekka eige opplegg med gamle skøyteleidning, bruker eldre type lys eller eldre lysestakar som blir sett på som svært uansvarlege vil du få problem, seier Kvåle.

Les også Tar seg råd til julelys: – Vi trenger dette i år

Juldekorasjoner i Spikersuppa