Hopp til innhold

Fekk ja av NVE, men i dag sa departementet nei

Olje- og energidepartementet har i dag sagt nei til bygginga av Nundalselvi kraftverk i Årdal kommune. Dermed gjer dei om på NVE sitt vedtak frå 2015.

Nundalselvi

SA NEI: I dag sa Olje- og energidepartementet nei til utbygginga av Nundalselvi. NVE gav konsesjon til utbygginga i 2015, men Årdal kommune klagde på vedtaket.

Foto: NRK KART

Hausten 2015 sa NVE ja til at Småkraft AS kunne byggje kraftverk i Nundalselvi i Årdal kommune. Prosjektet møtte den gongen motstand frå lokalpolitikarar og Fylkesmannen.

Kommunestyret i Årdal sende klage på vedtaket til Olje- og energidepartementet. Det gjorde også fleire organisasjonar, deriblant Sogn og Fjordane Turlag.

I dag kom svaret etter nærare to og eit halv år med venting.

– Vi er godt nøgde med at departementet seier nei til utbygginga, seier ordførar for Arbeiderpartiet i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Arild Ingar Lægreid

NØGD: Ordførar for Arbeiderpartiet i Årdal, Arild Ingar Læreid, seier han er nøgd med avgjersla til Olje- og energidepartementet. Han meiner prosjektet hadde fått for store konsekvensar for naturen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han var med på fleirtalet som stemte nei til utbygging av elva.

Negative konsekvensar

Nundalselvi kraftverk skulle ha ein årleg produksjon på omlag 14 GWh. Det tilsvarer bruken til omtrent 560 einebustader.

Departementet vurderte prosjektet til at det ville ha negative konsekvensar for landskap, friluftsliv, kulturmiljø og naturmangfaldet. Vurdert opp mot fordelane ved ei utbygging vart dei negative følgjene for store.

Også Eima kraftverk i Hol kommune i Buskerud fekk gjort om NVE-konsesjonen til eit avslag. Dette kraftverket skulle produsere 8,5 GWh årleg, men konsekvensane vart også her vurdert som for store.

Vigda kraftverk i Skaun kommune og Melhus kommune i Trøndelag var også klaga inn, men her støttar departementet konsesjonen som var gitt av NVE. Her vurderte dei konsekvensane for naturmangfaldet til å vere akseptable. Dette kraftverket skal årleg produsere omlag 10 GWh.

Er skuffa

– Vi skulle jo helst ønske at vi fekk eit positivt svar frå departementet, seier Lars Haugom som er direktør for forretningsutvikling i Småkraft AS.

I mai 2015 leverte dei søknad om å bygge ut Nundalselvi kraftverk i Årdal kommune. Småkraft AS er eigd av det tyske investeringsselskapet Aquila Capital som har kjøpt seg inn i fleire norske kraftprosjekt.

Lars Haugom

SKUFFA: Lars Haugom i Småkraft AS er skuffa over at Olje- og energidepartementet i dag sa nei til utbygginga av Nundalselvi i Årdal kommune.

Foto: Småkraft AS

Etter at dei fekk konsesjon frå NVE trudde dei også at departementet skulle vere positive.

– Vi ser på saka som endeleg avgjort, så vi kjem ikkje til å gjere noko meir med dette prosjektet, seier Haugom og fortel at dei jobbar vidare med andre prosjekt.