Hopp til innhold

Denne fjellovergangen har vore den mest stengde

Riksveg 13 over Vikafjellet er den mest stengde fjellovergangen i Sør-Noreg så langt i vinter. Vegen har allereie vore stengd dobbelt så mange dagar som i heile fjor vinter.

Vikafjellet

UTSETT VEG: Det er rasfare mange stadar langs vegen over Vikafjell. Dette gjer at vegen ofte må stengast.

Foto: Statens vegvesen

Innbyggjarane i Vik i Sogn har blitt nøydde til å klare seg utan vegen over Vikafjellet i til saman 31 døgn i vinter.

Dette er den fjellovergangen i Sør-Noreg som har vore hyppigast stengd så langt i vinter. Fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er nummer to med 12,5 stengde døgn. I andre enden av tabellen ligg vegen over Filefjell, som ikkje har vore stengd ein einaste time.

– I vinter har det vore mykje vind og nedbør i fjellet. Det er ikkje ein uvanleg vinter, men det har vore mykje snø i forhold til dei siste åra, seier Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Sogn og Fjordane.

Så mange timar har fjellovergangane vore stengd

Fjellovergang

Vinteren 2017/2018 (tom. februar)

Vinteren 2016/2017

Rv13 Vikafjellet

755 t 8 min

342 t 47 min

Fv 53 Tyin - Årdal

302 t 38 min

319 t 4 min

Fv50 Hol - Aurland

266 t 52 min

210 t 34 min

Rv15 Strynefjellet

193 t

147 t

Rv7 Hardangervidda

157 t 25 min

221 t 3 min

Ev134 Haukelifjell

76 t 30 min

173 t 30 min

Rv52 Hemsedal

55 t 57 min

8 t 52 min

Ev16 Filefjell

0

0

Lang omkøyring

Når vegen over Vikafjellet er stengd, er omkøyringsvegen lang for dei som skal til eller frå Vik.

– Det har vore ein utfordrande vinter og vi har merka at fjellet har vore mykje stengd, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik. Ho er hotellsjef og er leiar i Vik næringssamskipnad.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

NEGATIVT FOR NÆRINGSLIVET: Jorunn Åsfrid Røyrvik seier det er ei stor utfordring at vegen over Vikafjellet kan bli stengt på kort varsel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vik er den tredje største industrikommunen i Sogn, og det er mykje varetransport til og frå kommunen.

– Det er skikkeleg ille for næringslivet at vegen har vore så mykje stengd, og spesielt at det er så uføreseieleg. Det er ei stor utfordring når det plutseleg kan bli stengd på grunn av fare for ras, seier Røyrvik.

Krevjande vinter

– På Vikafjellet har det til tider vore svært utfordrande og vanskelege arbeidsforhold for dei som jobbar der. Dei brøyter seg gjennom, men vinden gjer at det bles att med ein gong, seier Finden.

31 dagar med stengd veg over Vikafjellet kan verke mykje samanlikna med fjoråret, men vinteren 2014-2015 var riksvegen stengd i over 80 døgn.

– Vikafjellet er utsett for vêr, og dette vil alltid vere problematisk på vinterstid. Skal ein ha ein sikker, heilårsopen veg, så er det naudsynt med eit større prosjekt, som for eksempel eit tunnelprosjekt, seier Finden.

Statens vegvesen skal gjere ei utgreiing av kostnadsreduserande tiltak for vegen over Vikafjellet. Dette skal vere ferdig i løpet av 2019.