Hopp til innhold

Denne planeten gjer at Hovudredningssentralen blir nedringt

Sommar etter sommar blir HRS i Sør-Noreg nedringt av folk som trur dei ser naudrakettar. Forklaringa til det heile må ein heilt til verdsrommet for å finne.

Saturn

STJERNELYS: Raudt lys frå planeten Saturn lurar folk langs heile kysten i Sør-Noreg.

Foto: NASA/JPL/Space Science Institute

– På eit bestemt tidspunkt i fleire veker har folk ringt oss for å varsle om naudrakettar. Dei blir nesten litt skuffa når vi må fortelje at det ikkje er folk i naud, seier redningsleiar for HRS, Ola Våge.

Mellom midnatt og kl. 2 slår folk langs heile kysten i Sør-Noreg på tråden for å melde frå om det dei trur er naudrakettar. For HRS har dette blitt eit kjent fenomen som skjer sommar etter sommar.

– Det gjer at vi spør om fargen på det dei ser. Ein naudrakett skal vere like raud som bremselysa på ein bil, og så spør vi kor lenge lyset varar. Ser ein lyset i over 10 til 20 minutt, så er det ikkje ein naudrakett, seier Våge.

Forklaringa til det spesielle synet finn ein i verdsrommet. Det er planeten Saturn i sør på himmelen som får eit raudleg skjer over seg, og gjer at folk trur dei ser ein naudrakett i horisonten.

– Dei blir litt triste

Innringarane blir både overraska og leie seg når dei får høyre kva som ligg bak det raude lyset på himmelen.

– Dei blir litt triste for at dei har varsla om noko som ikkje er fare, men då må vi psyke dei opp ved å sei at det er bra å varsle, seier Våge.

Redningsleiaren ber alle om å melde ifrå om ein er i stuss.

– Det er betre å varsle for mykje enn for lite, oppmodar Våge.

Laster Twitter-innhold