Hopp til innhold

I kveld kan du sjå meteorsvermen på himmelen

Stjerneskot vil fly over himmelen, men det er ikkje sikkert at du får sjå dei.

A meteor from the Geminids meteor shower (streak at top) enters the Earth's atmosphere on December 12, 2009 above Southold, New York

Slik såg det ut i Southold utanfor New York då Geminidene dukka opp i 2009.

Foto: STAN HONDA / AFP

Seint onsdag kveld og til fredag kan du sjå meteorsvermen Geminidene på himmelen.

– Det er ein av dei flottaste og mest pålitelege av alle årvisse svermar, viss ein har flaks med vêr og månefase.

Det seier astronomen frå Nordland, Jan-Erik Ovaldsen. Han driv den astronomiske handboka «Himmelkalendaren».

– Frå ein mørk observasjonsplass med godt nattsyn kan du vente å sjå rundt 60 meteorar i timen på det meste. Altså ein i minuttet i gjennomsnitt, seier Ovaldsen.

Dette kan ein observere i heile landet, om vêret spelar på lag.

– Geminidemeteorer er lyssterke, middels hurtige og kjem i alle slags fargar.

Geminidene over Saltdal

Slik såg det ut over Saltdal då Geminidene kom i fjor.

Foto: Silja Akselsen

Ikkje ein komet

I motsetning til dei fleste andre meteorsvermar er opphavet til Geminidene ikkje ein komet, men eit merkeleg, steinaktig objekt på drygt fem kilometer i diameter, ifølge astronomen.

Den har fått namnet 3200 Phaethon, og er klassifisert som ein asteroide.

– Forskarane er ikkje sikre på forhistoria til 3200 Phaethon. Men objektet blir sett på som ein «utdøydd» komet som har mista isen og sine frosne gassa etter for mange nære og varme passeringar rundt sola, seier Ovaldsen.

– Basert på data frå ekspertane i International Meteor Organization er maksimumsaktiviteten i år venta rundt 20-tida torsdag 14. desember.

Han anbefala likevel å halde utkikk etter meteorar frå seint på kvelden onsdag 13. desember og fram til morgongry torsdag, og frå rundt kl. 19 og vidare utover kvelden og natt til fredag.

Les også Mystiske lys på himmelen i Nord-Noreg

Esrange space center i Kiruna

Blir overskya

Sjølv om forholda ligg til rette for å sjå meteorsvermen på torsdag og fredag, har vêrgudane andre planar.

– For å sjå den må det vere klarvêr. Og det ser ut til å vere sjeldan vare, skriv meteorologane på X.

Troms og Finnmark, Trøndelag og Agder ser ut til å ha best moglegheiter.

Været natt til torsdag 14 desember 2023.

Fleire stadar ser det ut til at det blir mildare skyer natt til torsdag.

Foto: Meteorologene

Ligg unna sterke lyskjelder

Men er du i desse fylka, så treng du verken ein kikkert eller teleskop for å sjå meteorsvermen. Dette ser du med berre auga.

Om du vil sjå dette anbefaler Ovaldsen deg å finne eit område som har vid utsyn til himmelen. Og som ligg eit stykke unna sterke lyskjelder, slik at auga kan tilpasse seg mørket.

– Eit liggjeunderlag, sovepose/teppe, ein termos med kaffi eller varm kakao er tilrådd tilleggsutstyr, forutan skikkeleg varme klede, sjølvsagt. Ein god dose tolmod kjem alltid godt med når det gjeld meteorsvermar, seier han.

Geminidene over New York 12. desember 2009

I motsetning til dei fleste andre meteorsvermar er opphavet til Geminidene ikkje ein komet.

Foto: STAN HONDA / AFP

Han legg til at for dei som er ekstra interesserte kan du også sjå Jupiter og Venus. Dei er ekstra lyssterke i desse tider.

– Begge planetane skin svært mykje sterkare enn sjølv dei klaraste stjernene.