Hopp til innhold

Denne nordfjordingen skal kjempe om stjernetittel

Han har Paul McCartney som fan og står bak låtane til kinesiske boyband. No skal Alexander Pavelich kjempe om hjartet til det norske folk.

Stjernekamp 2018

FRÅ DOMMAR TIL DELTAKAR: Alexander Pavelich har vore gjestedommar i Stjernekamp. No står han sjølv på scena.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I fjor heia vi Adam Douglas med sine band til Bremanger fram til siger i Stjernekamp. Difor er spenninga og forventningane store til årets lokale håp frå Nordfjordeid.

I sesongpremieren er det musikksjangeren rock som skal sørge for at det vert full rulle frå første tone i årets sesong, men eidaren kjem ikkje til å brenne av alt krut på første sending.

– Det kjem ei sending med hardrock, så eg må spare litt av krutet viss eg kjem så langt. Difor skal eg synge Kings of Leon sin «Use Somebody». Den er lun og moderne, seier Pavelich.

Pavelich fekk æra av å opne Bylarm i Oslo i 2016, men dei siste åra har det blitt meir fokus på produksjon av musikk og ikkje artistkarrieren. Han står bak låtar for stjerneartistar som Nick Jonas og Julie Bergan, samt hausta lovord frå Paul McCartney og forfatta låtar til eit kinesisk boyband.

Stjernekamp 2018

KAMPEN OM TITTELEN: Ti artistar kjempar om å bli årets vinnar av Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Saman med ni andre artistar skal han kjempe om tittelenen «Noregs ultimate entertainer», når den sjuande sesongen av NRK-programmet Stjernekamp rullar over TV-skjermane.

– Det er nervepirrande. Eg vil til finalen, så eg skal prøve å vise at eg har fleire sider ved meg, men må ta steg for steg.

Her kan du sjå premieren av Stjernekamp som startar kl. 19.55 på NRK1.