Hopp til innhold

Nytt kinesisk boyband med milliardær-støtte har låtskrivar frå Nordfjord

Ein kinesisk milliardær satsar på å skape den nye store boyband-sensasjonen i heimlandet. Med på laget er 29-åringen Alexander Pavelich frå Nordfjordeid.

Alexander Pavelich

STORSATSING: Alexander Pavelich (29) har vore fleire turar til Asia for å skrive låtar til boybandet «Mr. Tiger».

Foto: Alexander Pavelich

– Det var under ein låtskrivar camp i Trondheim i fjor at eg møtte nokon som likte det eg hadde gjort før. Så dei spurde om eg ville vera med til Sør-Korea for å skriva låtar, seier Alexander Pavelich.

Og sidan har det berre balla på seg. Ti låtar skal skrivast for boybandet som har fått namnet «Mr. Tiger» og har 11 medlemmar. Og 10. oktober reiser Pavelich ned til den kinesiske byen Lijiang for å skrive fleire låtar til gruppa, samt nye låtar til ei jentegruppe.

Alexander Pavelich og boybandet Mr. Tiger

11 MANN: I boybandet «Mr. Tiger» er det totalt 11 medlemmer. Alexander Pavelich står i midten med kvit og blå jakke.

Foto: Alexander Pavelich

Vestleg musikk

Pavelich fortel at han har vore i Kina, Sør-Korea og Thailand for å skriva musikk, saman med musikkprodusentar frå Norge, Tyskland og Finland.

For vestleg musikk er det store nye i Kina.

Alexander Pavelich

STJERNEKAMP: Alexander Pavelich har vore inne som dommar på Stjernekamp på NRK 1.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Visjonen deira er å nå ut til unge kinesarar og vi skriv musikken på same måte som ein ville gjort for artistar som The Weekend, Ed Sheeran og Justin Bieber, seier Pavelich.

29-åringen fekk æra av å opna Bylarm i Oslo i 2016, men den siste tida har det blitt meir fokus på produksjon av musikk og ikkje artistkarrieren.

– Låtar kan eg skriva frå over alt. Det er om lag eit år sidan eg satsa meir på låtskrivinga, seier han.

Tidlegare har han spela i fleire band, og blant anna satsa på ei musikkarriere frå London.

Enorm marknad

Kina er verdas største land med nær 1,4 milliardar innbyggjarar. Av desse er det 800 millionar som har smarttelefonar.

– Musikkmarknaden der er i ferd med å eksplodera. Det er vanskeleg å seie korleis dette går økonomisk, men det kan bli enormt, seier Pavelich.

Men det har vore eit stort problem for musikkindustrien i landet.

– 95 prosent har lasta ned musikk ulovleg, men no er det berre ein av tre som gjer det. Inntektene til musikkbransjen har gått opp med 65 prosent dei siste åra og talet på folk som strøymer musikk er aukande, seier han.