Hopp til innhold

Han vil slå gjennom frå London

Alexander Pavelich frå Nordfjordeid har fått fart på popkarrieren.

Eye Emma Jedi

Andrew Murray og Alexander Pavelich i Eye Emma Jedi.

Foto: Pressefoto

Med bandet «Eye Emma Jedi» er 22-åringen nemleg i ferd med å få eit musikalsk gjennombrot.

Jobbar med musikken sin frå London

Det er ein optimistisk og glad musikar NRK møter ved operahuset i heimbygda Nordfjordeid. Her deltek han i ei oppsetting av musikalen West Side Story. Men den nye heimen hans ligg eit godt stykke vekke frå fjella og fjorden i Nordfjord. No bur han i London, og satsar for fullt på musikken saman med kameraten Andrew Murray.

Vi skulle gjere noko kult

Dei to som no utgjer bandet «Eye Emma Jedi» møttes på talentskulen LIPA i Liverpool.

- Eg hugsar første kvelden vi møttes. Andrew sa til meg at vi to kom til å gjere noko kult saman når vi var ferdige på skulen.

Det fortel Alexander Pavelich til lokalmusikksatsinga Lutt i NRK Sogn og Fjordane. Det skulle vise seg å stemme.

Mykje speletid på NRK P3

Cover Eye Emma Jedi - Lights

Slik ser coveret til låta Lights ut. Den er spelelista på NRK P3.

Foto: pressefoto

Låta «Crucified» vart plukka opp av Lydverket på NRK, og kom inn på spelelistene til NRK P3 før jul i fjor. Dette førte til mange nye fans og mykje merksemd.

No er den nye låta «Lights» også kommen inn på spelelistene til NRK P3, som er den største radiokanalen for ungdom i Norge. Låta vart lansert saman med eit dataspel som passar til musikken.


-Vi er overraska sjølv. Det har gått litt over stokk og stein dei siste månadane. Men vi har kontrollen framleis, fortel 22-åringen.

- Paul McCartney er fan

No håpar dei at den nye singelen kan hjelpe dei til suksess både i Norge og i utlandet. Gjennom opphaldet på LIPA fekk dei også Paul McCartney som tilhengar.
- Det var under ein sesjon med låtskriving at han viste interesse for teksten i låta som no er blitt den andre singelen vår. Han gav oss flott respons, fortel Pavelich.

Skal sette saman band

No er duoen i ferd med å finne musikarar til eit band for å kome seg ut på vegen og framføre musikken sin.
- Det er utruleg spennande for tida. Vi har fått ein skikkeleg kickstart. Vi merkar faktisk at det å vere frå Norge er ein bonus. Draumen er å få spele live og høyre tusenvis av folk synge med på refrenga, seier Pavelich.

Spelar på fleire strenger

Eye Emma Jedi produserer alt sjølv og har sett sitt preg i andre krinsar. Dei har nemleg co-produsert remixar som har havna i spelelister hos BBC Radio 1-DJ'ar som Zane Lowe, Nick Grimshaw og Rob Da Bank.