Hopp til innhold

Denne gjengen vann Luttprisane

Laurdag kveld blei Erlend Apneseth kåra til årets artist, VILNES til årets nykommar og Inge Ronny Kvåle til årets blest i Sogn og Fjordane.

Musikkfest frå Larris scene i Førde. Feiring av musikkåret 2019 med artistar som Kjartan Lauritzen, Andrea Santiago, Vilde og Anna, Vilnes, SJUR, Line Dybedal og Sindre Steig. Produsert av Rakkar production.

Prisane blei delte ut under ein utseld Luttpris-fest med rundt 600 personar i salen.
Her kan du sjå dei musikalske innslaga:

Ola Weel Skram og Vilde og Anna framfører Sogn og Fjordane-songen og Vestlandet under Luttprisen 2019 på Larris Scene i Førde.

Ola Weel Skram og Vilde og Anna framfører Sogn og Fjordane-songen og Vestlandet under Luttprisen 2019 på Larris Scene i Førde.

SJUR og Andrea Santiago framfører "Blame it On Me" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

SJUR og Andrea Santiago framfører "Blame it On Me" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Kjartan Lauritzen, dans uten grenser og elevar frå Vassenden skule framfører "Alt eg Vil" direkte frå Luttprisen på Larris Scene i Førde.

Kjartan Lauritzen, dans uten grenser og elevar frå Vassenden skule framfører "Alt eg Vil" direkte frå Luttprisen på Larris Scene i Førde.

Maren framfører "Losing Sleep" under Luttprisen på Larris Scene i Førde.

Maren framfører "Losing Sleep" under Luttprisen på Larris Scene i Førde.

Søskenbaret Sofia og Matteus H framfører låtane sine "I Don't Want to Lose a Fried" og "Yellow New Notebook" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Søskenbaret Sofia og Matteus H framfører låtane sine "I Don't Want to Lose a Fried" og "Yellow New Notebook" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Andrea Santiago framfører låta "Misfit" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Andrea Santiago framfører låta "Misfit" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid framfører låta Waves under Luttprisen på Larris scene i Førde.

Rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid framfører låta Waves under Luttprisen på Larris scene i Førde.

Sindre Steig frå Luster i Sogn framfører "By" og "Læra ka eg kan" under Luttprisen 2019 på Larris Scene i Førde.

Sindre Steig frå Luster i Sogn framfører "By" og "Læra ka eg kan" under Luttprisen 2019 på Larris Scene i Førde.

Line Dybedal framfører låta "På ei Øy" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Line Dybedal framfører låta "På ei Øy" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde.

Vilnes framfører "Story Unsaid" og "Play with Me" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde. Han vart under same show kåra til "årets nykommar."

Vilnes framfører "Story Unsaid" og "Play with Me" under Luttprisen 2019 på Larris scene i Førde. Han vart under same show kåra til "årets nykommar."

Luttprisen er delt ut sidan 2006, men dette var siste gongen prisane blei delte ut for Sogn og Fjordane som eige fylke.

– For ein fantastisk fest dette blei for musikken i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, sa programleiar Arianhrod Engebø og prosjektleiar Stian Sjursen Takle under det direktesende showet.

Alle vinnarane får stipend på 25.000 kroner frå eigarstiftingane frå Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Luttprisen 2019

ÅRETS ARTIST: Erlend Apneseth frå Jølster fekk pris som Årets artist under Luttprisen på Larris Scene.

Foto: Øystein Torheim

Årets artist

Luttprisen som årets artist var det Erlend Apneseth frå Jølster som fekk. Juryen kallar han både ein tradisjonsberar og ein totalmodernist i bruken av hardingfele.

Albumet Salika, Molika, som kom ut i 2019, er Erlend si sjette plate og hans tredje i konstellasjonen Erlend Apneseth trio.

– Med Salika, Molika befestar Erlend Apneseth trio sin posisjon med nytenkande, spennande og fengjande musikk i kryssingspunktet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Plata har fått strålande kritikkar og har allereie mottatt NOPA-prisen og blitt nominert til Folkelarmprisen, meiner juryen.

Vilnes fekk pris under Luttprisen

ÅRETS NYKOMMAR: Artisten VILNES.

Foto: Øystein Torheim

Årets nykommar

Luttprisen til årets nykommar gjekk til VILNES frå Atløy. Det har verkeleg tatt av for den hardtarbeidande musikaren i 2019.

Han har spelt på store og mindre arenaer, gjort eit stort tal konsertar og han har fått mykje radiospeling for låtane sine, mellom anna i Noregs største radiokanal NRK P1. Av ein britisk radiokanal blei han også kåra til «Årets mannlege artist».

Kjartan Lauritzen
Foto: Øystein Torheim
Laurdag blei Luttprisane delte ut under ein utseld prisfest med rundt 600 personar i salen. – For ein fantastisk fest dette blei for musikken i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, sa programleiar Arianhrod Engebø og prosjektleiar Stian Sjursen Takle under det direktesende showet.

Årets blest

For første gong blei Luttprisen til årets blestdelt ut laurdag. Denne prisen skal gå til ein person som har gjort ein ekstra innsats for å løfte musikarane frå fylket.

Denne prisen gjekk til Inge Ronny Kvåle frå Sogndal. Grunngjevinga er at han i ei årrekkje har gjort ein formidabel innsats for musikklivet i fylket som produsent, musikar, låtskrivar og arrangør utan å stille seg sjølv i fremste rekke. Han har eige platestudio, har spelt i ei mengd band og har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar, både amatørar og profesjonelle.

– Han gjer det mogleg for musikarar å spele inn musikken sin, han arrangerer store og små konsertar for å løfte dei fram, han spelar sjølv ei mengd strengeinstrument, han skriv låtar, lagar musikk til TV og han jobbar i kulturskulen, skriv juryen.

Siste gong frå Sogn og Fjordane fylke

Dette var den siste gongen Luttprisen blei delt ut for Sogn og Fjordane fylke. Tidlegare har artistar som Eva Weel Skram, Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Karl Seglem og Good Time Charlie fått Luttprisen.

I juryen sat Pål Fidjestøl, Elise Hessevik, Tore Dvergsdal, Hilde Bjørkum, Øyvind Lyslo, Kristin Sandal, Stein Aase, Ivar Bruvik Sætre, Andreas Macsik og Jan Inge Fardal.

Her kjem alle musikkinnslaga frå Luttprisen:

Her kan du sjå intervju med vinnarane: