Hopp til innhold

Brua har sige med 30 cm - blei stengd på dagen

Heilt tilfeldig blei det oppdaga at delar av brua var i ferd med å rase ut.

Teita bru

I LAUSE LUFTA: Slik ser det ut under Teita bru i Gloppen.

Foto: OLA BERGHEIM

– Det kunne gått frykteleg gale viss ein stor og tung lastebil hadde køyrt over, seier Ola Bergheim.

Han blei varsla av naboen om at steinar var i ferd med å rase ut av eine brufoten, men då han sjølv tok turen ned til elva for å sjå, var synet verre enn frykta.

– Eg blei overraska over at det var så gale som det var. Steinane låg lause med store mellomrom, seier han.

Teita bru blir brukt av dei som bur langs fylkesveg 695 som må komme seg over Storelva ved Byrkjelo i Gloppen. Bergheim trur store flaumar dei siste åra har tært på bruverket.

– Brua er eit offer for klimaet vårt. Det var eit sørgjeleg syn når den eine pilaren berre hang i lause lufta.

Teita bru

STENGD: No er brua stengd for både køyrande og gåande.

Foto: OLA BERGHEIM

Brua har sige med 30 cm

Statens vegvesen blei varsla. Entreprenøren valde å stenge brua på dagen.

– Vi kan ikkje sleppe trafikk over. Høg vasstand og mykje nedbør har gjort at delar av brufundamentet har blitt vaska vekk, noko som gjer at brua har sige 30 centimeter, seier Skule Jacobsen, som er kontrollingeniør i Vegvesenet.

Skule Jacobsen

LANG TID: Det vil truleg ta fleire veker å få rusta opp Teita bru, seier Skule Jacobsen i Statens vegvesen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Han meiner det aldri har vore fare for at brua skulle rase.

– Det har ikkje vore til fare for bilistane. Brua er sikra av dobbel steinmur og betong, så ho ville aldri ramla saman, seier Jacobsen.

No skal brua bli rusta opp, noko som vil ta tid.

– Minimum fire veker. Først må vi stabilisere ho, så må vi mure på nytt. Det er eit omfattande arbeid, seier han.