Hopp til innhold

Småbarnsfamilien fekk straumrekning på 77.000 kroner

Det unge paret måtte krangle med nettselskapet etter at det vart oppdaga at straummålaren ikkje var kopla til nettet.

Straumrekning

MÅTTE KRANGLE: Småbarnsforeldra Ole Fredrik Borge Olsen (biletet) og Camilla Frøysa måtte kjempe i mange rundar på telefon med nettselskapet. No håpar dei andre kan lære av det som hende med dei.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

NRK rettar: Det er gjort ei endring i denne saka etter publisering. BKK presiserer at dei har gitt jamlege meldingar til paret om å lese av straumen. I den første versjonen sto det at BKK sletta rekninga først då NRK tok kontakt. Det er no lagt inn meir argumentasjon om kvifor BKK denne veka valde å slette heile rekninga. Endringa vart gjort 27. august kl. 14.15.

– Eg fekk ganske sjokk, seier Ole Fredrik Borge Olsen (22), om då han opna rekninga frå straumselskapet.

Den vesle familien på tre, snart fire, bur på Nyborg i Bergen.

Dei leiger ein bustad på rundt 100 kvadrat, og har eit gjennomsnittleg straumforbruk.

Men sjølv med dagens straumprisar, kunne dei ikkje tru sine eigne auge då dei såg rekninga.

Den var på 77.883 kroner.

3,5 gongar meir enn kva dei hadde betalt for eit heilt år.

– Det er ganske drygt. Me tenkte med ein gong at dette må vera feil. Det går ikkje an å bruka så mykje straum, seier sambuar Camilla Frøysa (21).

Rekninga skulle betalast på få veker.

Straumrekning

Ein månad skil seg ut frå dei andre.

Foto: Skjermdump

Straummålaren var ikkje kopla til nettet

Det heile starta då paret flytta inn i leilegheita i sommaren 2021.

Då straumprisane byrja å auka, valde dei å byta straumselskap frå Fjordkraft til Agva.

Men då dei bytte, fann det nye selskapet ut at straummålaren ikkje var kopla til nettet.

Det er nettselskapet som står ansvarleg for å installera og drifta straummålaren.

I dette tilfellet er det BKK, som Olsen tok kontakt med i vinter.

Han fekk beskjed om at dei hadde mykje å gjera, og at dette kom til å ta lang tid.

Først etter fem månadar, i juni 2022, kom BKK innom, og kopla målaren til nettet.

Månaden etter fekk dei den enorme straumrekninga.

I det siste har rekninga vore det einaste Olsen har tenkt på.

– Det har vore mykje telefonsamtalar fram og tilbake, seier Olsen.

Tre gonger vanleg forbruk

Ifølge Forbrukerguiden er eit gjennomsnittleg forbruk for ein einebustad på 100 kvadrat rundt 16.000 kWt i året, altså rundt 1330 i månaden.

I rekninga til det unge paret, var det 48.000 kWt som var registrert, men ikkje betalt for. Altså tre gonger meir enn eit gjennomsnittleg forbruk.

Dette er kWt som må betalast med satsane i august, då den eine prisrekorden slår den andre.

Då han tok kontakt med BKK, fekk han beskjed om at rekninga måtte betalast, sjølv om han berre hadde leigd der i eit år.

BKK på si side har sendt jamlege meldinger om at paret må lese av straumen på ny.

Denne veka bestemte dei til slutt likevel å slutte heile det uteståande beløpet, med denne meldinga:

Skjermdump BKK

Denne meldinga fekk Ole Fredrik av BKK etter at NRK tok kontakt med dei.

Foto: Skjermdump

BKK bad om avlesing

BKK har ansvaret for over 260.000 straummålarar på Vestlandet.

Ifølge leiar for kunde- og energidata i BKK nett, Mads Didriksen, slit dei med å få kontakt med eit par av dei, fordi dekninga er dårleg.

Han understrekar at sjølve målaren viser ikkje feil, men det er kommunikasjonsdelen av målaren som sviktar.

– Når me ikkje har kommunikasjon med målarane, spør me kunden etter ei avlesing. Når me ikkje får det, stipulerer me forbruket, seier Didriksen.

I dette tilfellet har kunden brukt meir straum enn det som blei stipulert.

Dette fant BKK Nett ut av då dei omsider fekk kontakt med straummålaren, og fekk korrekt data inn.

Mads Didriksen, BKK Nett

Mads Didriksen i BKK Nett seier at dei har forsøkt å kontakta kunden og bedd han senda inn målaravlesing.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Utleigar visste ikkje

BKK har ikkje hatt kontakt med straummålaren sidan han vart installert i 2019. Dei fekk ordna opp i det då dei installerte eit nytt modem i år.

Dette modemet var ikkje tilgjengeleg då straummålaren var ny.

Det unge paret flytta inn to år seinare.

BKK seier at dei har gitt beskjed til både noverande og tidlegare leigetakar om at dei måtte senda inn målaravlesing, men utan å få svar frå kunden.

Dei har fått melding om dette kvar månad, påpeiker BKK.

NRK har snakka med utleigaren, som på si side seier at han ikkje var klar over at straummålaren ikkje var i orden.

Kven har ansvaret her, BKK?

– Me eig målaren, og jobbar med å sikre kommunikasjonen. Dei me mister kontakt med, sender me informasjon til og ber kunden sende inn avlesinga.

– Kunden har ansvar for å sende inn avlesing når vi ber om det, viss ikkje risikerer kunden å få ekstra høg faktura med stort etterslep, seier Didriksen.

Leigetakar Olsen stadfester at han fekk beskjed om å senda inn verdiar, men hevdar han fekk beskjed av huseigar at det ikkje var naudsynt.

Droppa plutseleg rekninga

Olsen har brukt mykje tid på å få fjerna rekninga og få hjelp frå BKK.

Denne veka skjedde det noko.

Same dag som NRK tok kontakt har dei vald å avskriva etterslepet for å «bli ferdig med saka».

BKK seier derimot at dei kom med et tilbod i forkant om å redusere delar av rekninga, som kunden takka nei til.

Likevel valde dei til slutt å stryke heile beløpet.

Vi kan ikkje dokumentere om det er dem eller forrige leietaker som har brukt det uteståande beløpet, forklarar Didriksen om den vurderinga.

Han seier han trur det ville enda slik uansett om paret tok kontakt med media.

Camilla Frøysa og Ole Fredrik Borge Olsen, er glad for at det løyste seg, og håpar å kunne åtvara andre i tilfelle dei hamnar i same situasjon.

– Det er litt rart at dei droppa det etter at media tok kontakt, seier Olsen.

Forbrukarrådet: Dette bør du gjere

Seniorrådgjevar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, seier at nettselskapet ikkje kan krevja at paret må betala heile summen.

– Det høyrast ut som ein veldig kjedeleg situasjon for dette unge paret. Heldigvis har dei, i verste fall, berre plikt å betala etterslepet for den perioden dei har budd i leilegheita, seier Iversen til NRK.

Thomas Iversen

Thomas Iversen i Forbrukarrådet er glad for at situasjonen ordna seg.

Foto: Forbrukerrådet

Han legg til at å slette rekninga er det einaste riktige, og håpar at BKK hadde kome til same konklusjon, sjølv om NRK hadde vore i kontakt eller ikkje.

Forbrukarrådet er ikkje kjent med at dette skjer ofte, og har råd til personar som ender opp i same situasjon.

  • Ta kontakt med nettselskapet og be dei rydda opp.
  • Viss dette ikkje går, ta saka til elklagenemnda. Dette er kostnadsfritt.

Hei!

Eg jobbar som journalist i NRK Vestland. Har du tips til saker eg burde dekka? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg!

Les også Straumprisen gir «eksplosjon» i talet på folk som dusjar på treningssenter

Christin Kalve, Sport-Treff