Hopp til innhold

Straumprisen gir «eksplosjon» i talet på folk som dusjar på treningssenter

Prisen på ein lang og god dusj gjer at fleire treningssenter rapporterer om at medlemmane deira bruker lengre tid i garderoben.

Christin Kalve, Sport-Treff

DYR DUSJ: Christin Kalve på Sport-Treff skjøner at folk bruker dusjen meir, men håpar dei avgrensar tidsbruken.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Det er jo ein kostnad. Men samtidig forstår eg at det er naturleg for kundane å utnytta dusjane, seier treningsgründer Christin Kalve.

I 27 år har ho drive treningssenteret Sport-Treff på Stord, der straumprisen er på topp i landet. Førre rekning var 110 prosent høgare enn på same tid i fjor.

Oppvarming er den største straumutgifta, men meir dusjing bidreg til auken.

– Spesielt ungdomar bruker garderobane mykje meir enn tidlegare. Enkelte dusjar tre gonger i veka her nede.

Christin Kalve

UROA: Christin Kalve betaler dobbelt så mykje i straum no enn same tid i fjor. – Me treng hjelp, seier ho.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Opplever kø for å dusja

Fleire i bransjen melder om same tendens. Ein av dei er Trygve Amundsen. Han er konsernsjef i treningskjeda Nr1 Fitness, som har 36 treningssenter i Noreg.

– Det har skjedd ein eksplosjon i talet på dusjande. Det har aldri vore kø på dusjar før, men det er det no, seier han.

Auka byrja i slutten av 2021, og har halde fram i takt med straumrekordane.

I år ligg kjeda an til å måtta betala nesten 5 millionar kroner meir i straum enn i fjor, dersom prisen held seg høg. Det inneber ei tredobling i auka utgifter ved enkelte senter.

Også treningskjeda Evo melder om auka vassforbruk.

Generelt er straumkostnadene i dag tre gonger høgare enn normalt, ifølgje dagleg leiar Morten Hellevang.

Dusj på treningssenter

EDLE DROPAR: Fleire treningssenter melder at kundane i større grad dusjar i garderoben før dei dreg heim.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Forstår familiar med fleire ungar

Ein gjeng kvinner i pensjonsalder, er samla til styrketrening på Sport-Treff.

Dei dreg heim for å dusja etter trening, men har stor forståing for at fleire har endra dusjvanar.

– Eg skjøner veldig godt at foreldre med tre-fire ungar, oppmodar dei om å dusja på trening, seier Sofie Økland Junge.

– Det er jo blitt veldig dyrt. Og eg trur spesielt ungdomane bruker god tid i dusjen. Så det forstår eg veldig godt, seier Liv Berit Økland.

Liv Berit Økland og Christin Kalve

FASTE KUNDAR: Kvar veke trenar Liv Berit Økland og fleire andre kvinner styrke hos Christin Kalve.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Treng hjelp no

Regjeringa jobbar med ei straumstøtte til kriseramma verksemder, men ei løysing er ikkje klar før i september.

– Me vil jo at kundane skal bruka fasilitetane våre, men håpar no at styresmaktene kjem på banen med støtte. Pandemien ramma bransjen vår veldig hardt, og no slit me på grunn av straumkrisa, seier Trygve Amundsen i Nr1 Fitness.

Christin Kalve i Sport-treff er uroa for framtida.

– No må det skje noko. Det er heilt fortvilande.

Ingen av treningssentera NRK har snakka med, vurderer å stenga eller ta betalt for dusjing.

Treningskjeda Sats melder at dei ikkje har merka påfallande meir dusjing ved sine senter. Fresh Fitness har heller ikkje opplevd eit auka straumforbruk.