Hopp til innhold

Delte i synet på om kommunen kan splittast ved ei kommunesamanslåing

Innbyggarane på Vassenden i Jølster er meir opne for å splitte kommunen ved ei kommunesamanslåing enn innbyggarane på Skei.

Vassenden og Skei

SAMAN ELLER KVAR FOR SEG: Delte meiningar på Vassenden og Skei om kva som er det beste.

Foto: Montasje: Ottr Starheim/Kjell Arvid Stølen / NRK

Det går fram av ei innbyggarundersøking som Opinion har gjort. 31 prosent av innbyggarane på Vassenden er opne for å dele kommunen ved ei eventuell samanslåing, medan berre fire prosent svarar det same på Skei.

– Det kan god tenkast at nokon ynskjer seg til Førde, og så kan resten av Jølster vere eigen kommune, men eg tykkjer det er lite solidarisk overfor resten av kommunen om ein skulle dele Jølster, seier ordførar Oddmund Klakegg.

Klart signal

I innbyggarundersøkinga som vart presentert før helga , går det fram at 33 prosent vil at Jølster skal halde fram som eigen kommune, medan 46 vil ha ei ny kommune saman med Førde, Naustdal og Gaular. Ved førre korsveg var det eit krystallklart nei til samanslåing.

I lys av denne endringa meiner venstrepolitikaren Judith Kapstad at ein og må sjå på ei deling av kommunen.

Alfred Bjørlo og Judit Kapstad

OPEN FOR DELING: Judith Kapstad (V)

Foto: NRK

– Helst vil eg ha med heile kommunen i ei samanslåing i Sunnfjord. Men skulle vi få ein situasjon etter ei folkerøysting, at det er eit fleirtal mot samanslåing, men markert forskjell i meiningane på Skei og på Vassenden, då meiner eg vi må diskutere ei deling, seier Kapstad.

Held på samla kommune

Ordførar Oddmund Klakegg held fast på at kommunen må stå samla.

Oddmund Klakegg

SAMLA KOMMUNE: ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi har vore ein kommune sidan kommunelova kom, og eg tykkjer ikkje det er seriøst å skulle diskutere ei deling, berre fordi nokon no har funne ut at det kan vere ei løysing.

– Men samstundes er det mange på Vassenden som meiner at ei deling kan vere løysinga?

– Eg legg merke til det. Spørsmålet er om dei har tenkt over det fellesskapet vi har hatt her i Jølster, og kva som skal skje med den delen av kommunen som blir igjen, seier Klakegg.

Deling av kommunar kan bli ei problemstilling fleire stader , men så langt er det berre Askvoll kommune som har opna for dette.

Folkemøte

Førstkomande onsdag skal det vere folkemøte i Jølster om kommunesamanslåing. Då meiner Kapstad at deling er eit spørsmål ein må ta opp til diskusjon.

– Før vi skal ha folkerøysting meiner eg vi må ha ein grundig diskusjon på spørsmålsstillingane som det då skal svarast på, slik at vi som politikarar er lydhøyre for kva innbyggarane ynskjer, seier Kapstad.