Hopp til innhold

Bil har køyrd inn i stein som rasa over E16 – vegen opna att

Ein bil skal ha køyrd i ein stein på E16 mellom Bolstad og Vassendatunnelen. Ingen i bilen skal vera skadd.

Stein fall ned ved Bolstad på E16

OPE: Vegen var stengt vel ein times tid. Det skapte kø på staden.

Foto: Kjartan Brudvik

E16 mellom Voss og Bergen er open att, melder Vegtrafikksentralen 11.41.

Vegen var frå kring 10.30 stengt, då det politiet kalla ein stor stein rasa ned i vegbanen og vidare ut i terrenget.

Ein bil køyrde inn i steinen.

Bilen fekk skadar i fronten. Vegtrafikksentralen har fått melding om at steinen er kring ein halv gongar ein meter stor.

Bilen skal ha køyrd over steinen.

– Fem personar var i bilen. Alle er uskadde, men litt oppskjørta. Det var små ungar med. Airbagane er utløyst og bilen har oljelekkasje, seier vaktkommandør i 110 Vest, Ronald Drotningsvik.

Ventar på avgjerd frå entreprenør

Det er ifølgje politiet ikkje mistanke om at fleire køyretøy har vore involverte i ulukka.

Entreprenør er på staden, saman med politiet.

– Dei kjem med ein som skal rydda vegen, og sjølvsagt sjekka fjellsida for om dei må kalla inn geolog, eller om einsleg stein som har kome ned, sa trafikkoperatør Jørgen Bødtker i Vegtrafikksentralen vest like etter steinen hadde rasa.

Det har regna mykje i regionen det siste døgeret, og ifølgje politiet er det mykje vatn i fjellsida. Dei blir på staden inntil vidare. Vegtrafikksentralen skal saman med geolog vurdera høva rundt steinspranget.

I går kveld gjekk eit steinsprang ved Dale i Vaksdal, kring 15 kilometer frå der steinen traff E16 i dag. Strekninga på E16 mellom Bergen og Voss har lenge vore kjend som ein ras- og ulukkesveg.