– Vi har eigentleg prikk like liv. Det er veldig koseleg å ha så mykje tid saman og kunne støtte kvarandre slik vi gjer. Vi har det veldig bra, seier Øyvind Strømmen Kjerpeset.
Florø-sprintaren møter NRK saman med kjærasten og sambuaren Christine Bjelland Jensen frå Bergen på tribunen under Bislett Games, der dei begge stilte til start på forstemnet.
Han på 200-meter, ho på 400-meter. Dei er Noregs raskaste kjærastar.
– Det kan ikkje vere raskare par enn oss. Vi hadde gjort det godt på 200-meter stafett, ler Kjerpeset.
- Les også:
– Ikkje moro å sjå han så frustrert
23-åringen fekk ein liten opptur, då kroppen kjendest betre ut etter ein periode med motgang. For kjærasten var det ein tyngre dag på jobben. Då var det godt å kunne lufte ut med ein som veit nøyaktig korleis slike dagar kjennest.
– Vi prøver å støtte kvarandre så godt vi kan. I idretten er det opp- og nedturar som vi må takle heile tida. Og då er det veldig greitt å vere saman med ein som forstår korleis ein har det, seier Kjerpeset.
Bjelland Jensen nikkar samtykkande. Ho var ei viktig støtte då sambuaren gjekk skadd gjennom store delar av fjoråret.
– Det var ikkje noko moro i det heile teke. Det var vanskeleg å vite kva eg skulle seie og gjere. Eg veit sjølv korleis det er å vere skadd, men det var ikkje moro å sjå han så frustrert, seier 20-åringen frå Bergen.
- Les også:
Lever eit litt «annleis» liv enn andre
Dei ambisiøse sprintarane bur på Sognsvann, like ved Olympiatoppen, og det meste ligg til rette for satsinga mot edelt metall.
Jensen greidde for eit par veker sidan kravet på 200-meter til U23-EM. Der vil ho gjerne til semifinalen. Kjerpeset har ambisjonar om å klare VM-kravet til Beijing i løpet av sommaren. Han tok kongepokalen for to år sidan, og har den norske rekorden på 400-meter hekk.
– Korleis skil livet dykkar seg frå livet til «vanlege» par?
– Vi er veldig opptekne av å sove mykje og lenge. Vi legg oss, et veldig sunt og same type mat. Og så er vi ikkje oppe klokka sju og går på jobb. Vi står opp klokka ni og går på trening. Det er moro når vi satsar saman, seier Kjerpeset.
– Sjølv om eg også studerer, så gjer vi mykje saman. Eg trur det er ein fordel, seier Jensen og legg til:
– Eg håpar det går oppover med oss begge frå no av, for det har vore litt tungt. Vi satsar på at vi tar medalje i NM – kanskje begge gjer det på 200-meter også!
- Les også: