Hopp til innhold

Kjøper opp to tredjedelar av statleg datalagringsprosjekt på Austlandet

Lefdal Mine Datacenter kjøper opp 67 prosent av Greenfield Datasenter i Fet kommune utanfor Oslo.

Eit Nordfjord-selskap kan bli størst i Norge på datalagring. Lefdal Mine Datacenter kjøper statlege Entra sitt store datalagringsprosjekt utanfor Oslo. Det blei feira i Måløy i dag.

Blir norges største på datalagring

Det er statleg eigde Entra som står bak prosjektet og som no overlet to tredjedelar av eigardelane til nordfjordingane.

Entra Eigedom vil behalde dei resterande 33 prosentane av datasenteret Greenfield. Oppkjøpet blir presentert på ein pressekonferanse klokka 11.

– No er vi etablert på ein slik måte at har kontroll over dei to største datasentersatsingane i Norge i tida som kjem, seier ein storveges nøgd marknadsansvarleg i Lefdal Mine Datacenter, Mats Andersson.

Samarbeid vart oppkjøp

Mats Andersson

NØGD: Mats Andersson.

Prosjektet til statlegeigde Entra Eigedom vart løfta fram som ein konkurrent til datasenterplanene i den gamle gruva i Lefdal . I sommar gjekk dei to prosjekta inn ein intensjonsavtale og felles målsetnad om å ha dei første serverane på plass i gruvene i løpet av 2014.

For eit ukjent beløp, har dette samarbeidet no enda i eit oppkjøp. Andersson meiner dette var viktig steg for å løfte Lefdal Gruve i ein marknad med hard konkurranse.

– Isolert sett stiller vi på bana med eit produkt som gir kundane langt større fleksibilitet i høve til kvar ein skal plassere, kor mykje og til når og kva pris. Slik det ser ut no tilbyr vi ein totalportefølgje som ingen andre i Norge eller Europa kan tilby. For det andre gir vi dei ein del prisfordelar, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Lefdal Mine Datacenter sin presentasjon av datalagringsprosjekta i Vågsøy og Fet kommunar.

SJÅ VIDEO: Entra Eigedom og Lefdal Mine Datacenter samlar kreftene om nye datalagringstilbod til både norske og utanlandske aktørar.

– Viktig for Lefdal

Andersson seier mange av kundane Lefdal Mine Datacenter er i dialog med, ynskjer to eller tre lokasjonar.

Gjennom oppkjøpet får kundane to lokasjonar, men held seg til ein kontrakt, støtte og serviceavtale.

– Dette er eit veldig viktig steg i høve til å få realisert Lefdal Gruve som er hovudmålsetjinga med alt vi gjer. No legg vi opp eit produkt for marknaden i Norge og internasjonalt som gjer det langt meir aktuelt å leggje serverer inn i denne konstellasjonen, seier han.

Både aust og vest

Andersson seier valet var lett for begge partar då Entra opna for å redusere eigardelen i Greenfield-prosjektet. No kan verksemda i Vågsøy tilby lokasjonar både på Aust- og Vestlandet.

Medan Entra primært har fokusert på den norske marknaden, har Lefdal Gruve posisjonert seg i utlandet.

– Avtalen tilfører Greenfield Datacenter større fleksibilitet, storskalafordelar og nye marknadsmoglegheiter, samstundes som vi medverkar med vår eigedomskompetanse. Samarbeidet skal sikre at våre kundar framover vil få tilgang til ein høgeffektiv og framtidsretta datasenterløysing, seier Rune Olsø, administrerande direktør i Entra Eigedom i ei pressemelding.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Datalagring i Nordfjord

SJÅ TV-SAK: Store planar om datalagring i Nordfjord.

Tryggleik og pris

Andersson seier det i dag er 700 kraftkrevjande datasenter i Norge, som er alt for dyre i drift. Desse skal inn i grøne løysingar der det vert nytta langt mindre straum. Han meiner verksemder vil spare fleire milliardar årleg berre i Norge.

I Norge blir det forhandla med tre store driftsaktørar, og Andersson seier fleire store internasjonale aktørar ser mot Norden som lokasjon i Europa.

– Framtida er Cloud-løysingar der geografisk plassering av utstyr ikkje lenger er viktig. Det viktigaste er at det er trygt, sikkert og kostnadseffektivt, seier han.

Kontrakt i år

Lefdal Mine Datacenter håpar å kunne signere den første store kunden allereie i år.

– Det ser lovande ut så langt, samstundes kan ting snu veldig fort i denne verda. Per no har vi konkrete dialogar som er veldig positive, seier han.

Lefdal Gruve

DATALAGRING: I denne gruva vil Lefdal Mine Datacenter lagre store mengder data for store internasjonale aktørar.

Foto: Vidar Furnes