Hopp til innhold

Topplag går saman om datasenter

Stat og næringsliv går saman om ei millionsatsing i Lefdal Gruve i Vågsøy. I framtida kan gruva vere fylt opp av digre datasentralar.

Lefdal Gruve
Foto: Lefdal Gruve

Eit topplag av næringslivsaktørar går no saman om å greie ut moglegheiten for å etablere eit av verdas største, sikraste og mest miljøvennlege datasenter i Lefdal Gruve i Sogn og Fjordane:

Hafslund ASA, IBM, North Cape Minerals, DNB Nor, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Tandberg deltek alle i forprosjektet med økonomiske musklar, fagekspertise og teknologi.

Får statleg støtte

No vil Lefdal Gruve kunne bli den største norske satsinga på datalagring nokosinne.

- Vi synest dette er fantastisk. Vi er ei lita bedrift, og det er moro at vi får så mykje merksemd. Dette er eit kjempeløft ytre Nordfjord og heile Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Sindre Kvalheim i Local Host.

Prosjektet Lefdal Gruve vert støtta økonomisk av Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) og Innovasjon Norge. Ein rapport frå IKT-Norge dokumenterer at Norge kan bli ei global stormakt innanfor grøn datalagring.

Har fullfinansiert forprosjektet

Lefdal Gruve mellom Måløy og Nordfjordeid er verdas største underjordiske olivingruve, og ligg like ved den djupe og kalde fjorden med sikker straumforsyning og god tilgang til klimanøytral energi i form av vass- og vindkraft.

Forprosjektet som no vert sett i gang skal sjå på alle forhold ved bruk av gruva til storskala datalagring, med særleg vekt på tryggleik, teknologi og marknad.

- Forprosjektet er fullfinansiert, og vi er no heilt trygge på at det blir gjennomført med den kvaliteten vi håpar. Og dersom resultatet viser at gruva kan nyttast, har vi også fått med oss dei rette aktørane til å ta steget vidare, seier Kvalheim.

Viktig satsing globalt

Local Host håpar å ha rapporten frå forprosjektet klar i månadsskiftet mai-juni 2010. Dersom alt går slik initiativtakarane ønskjer, kan byggjestarten vere like rundt hjørnet.

- Datamengdene i verda vert dobla kvar 18. månad, og datasenter for storskala lagring er no eit av dei største IT-satsingsområda globalt. Lokalisering i land med stabilt politisk regime og tilgang til store mengder ren energi og kjøling blir framheva som spesielt viktig ved etablering av slike senter, seier prosjektleiar benedicte Fasmer Waaler i IKT-Norges Grønn IT-prosjekt.