Hopp til innhold

Starta eiga IT-bedrift - fekk pris

Sindre Kvalheim starta i 2007 eiga bedrift i heimkommunen. Tre år seinare fekk han gründerprisen i Sogn og Fjordane.

Fekk gründerprisen

FEKK PRIS: Sindre Kvalheim vart heidra for satsinga på verksemda LokalHost. Frå venstre Kjartan Longva, Sindre Kvalheim og Nils R. Sandal under utdelinga.

Foto: Birthe Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sindre Kvalheim vart under fylkestinget tysdag tildelt gründerprisen for ungdom.

- Han har synt at det er fullt mogleg for IT-gründerar å lukkast og å halde fokus på vidareutvikling gjennom framtidsretta satsingar også i distrikta. Denne unge gründeren er såleis eit framifrå førebilete for gründerspirer i Sogn og Fjordane, sa Kjartan Longva under utdelinga.

- Positive ringverknader i kommunen

Kvalheim står bak LokalHost, som er ein totalleverandør av IT - med særleg fokus på datalagring.

Verksemda overfører kunden sine data og programvarer til eigne serverar, og kunden har dermed ikkje behov for fysiske installasjonar som harddisk eller serverar.

Denne kommersielle innretninga av produktet har ført til god omsetnad og fleire arbeidsplassar i bedrifta, noko som er med på å gi positive ringverknader i lokalsamfunnet i Måløy, heiter det i grunngjevinga for prisen.

- Fantastisk å vere gründer i fylket

Kvalheim har og vore medverkande i oppstarten av forprosjektet som har undersøkt mogelegheita for å utnytte marknadspotensialet for datalagring i Lefdal Gruve på Eid.

- Det å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk. Ein får ikkje berre vere gründer første året, men kvar dag og heile tida, sa Kvalheim då han mottok prisen.

Gründerprisen for ungdom er på 30.000 kroner.