Inngår unik avtale med IBM

Måløyverksemda LocalHost presenterte i dag ei intensjonsavtale med datagiganten IBM om datalagring i Lefdal gruve. Dette kan gi 250 arbeidsplassar i oppbyggingsfasen.

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

LAGRING I GRUVA: Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli.

Foto: Pressefoto

Den tomme olivingruva under fjorden i Eid, skal brukast til å løyse verdas enorme behov for datalagring. No skal det investerast store summar her.

IBM er eit av verdas 10 største dataselskap og har valt selskapet og gruva på grunn av teknologi der ein brukar fjorden for å kjøle ned servarane.

– Gruva tilbyr ein ekstrem tryggleik. Den er veldig djup og gir naturleg sikring mot til dømes elektromagnetisk pulsar, seier administrerande direktør Sindre Kvalheim i den vesle teknologiverksemda Local Host.

Mange arbeidsplassar

160 meter under havnivå ligg den nedlagde gruva som IBM no ynskjer å bruke til å lagre enorme datamengder. No startar arbeidet med å skaffe kundar som vil lagre data i datasenteret som kan bli heile 120 000 kvadratmeter. Det underjordiske arealet tilsvarar 17 fotballbanar.

– Vi har ein stor fordel sidan gruva ligg der og vi har store areal tilgjengeleg. Dette kan gi ekstreme stordriftsfordelar, seier han.

Når den første kontrakten er underteikna, vil det bli investert mellom ein halv og ein milliard kroner.

– Vi treng ein kunde som treng minst 5000 kvadratmeter. Då kan vi starte arbeidet med å byggje opp anlegget. Vi skal no jobbe saman med IBM internasjonalt for å skaffe oss ankerkundar.

Og lukkast verksemda med det, betyr det mange arbeidsplassar. Drifta av anlegget sysselsetje eit titals arbeidsplassar, men i oppbyggingsfasen vil det bli behov for fleire.

– I løpet av ein femårsperioden vil det føre til 250 arbeidsplassar, etter vi har signert med ein kunde.

Fjorden kjølar ned

Låg risiko for terrorisme og naturkatastrofar, tilgang på fornybar vasskraft frå elvane som renn kvite nedetter dei grøne liene og kjøling frå den kalde fjorden gjer at datagiganten IBM satsar på datalagring nettopp her.

– Fjorden er lang, kald og djup og gir oss kjøling. Vi har alle elementa vi treng og har god geologisk stabilitet. Det er viktig og vi har rik tilgang på fornybar energi.

Store datamengder i framtida

Avtalen med IBM kan vere starten på eit norsk teknologieventyr, for fleire stadar i landet har dei liknande planar.

Kvar 18. månad blir verdas datamengder dobla og desse på lagrast på serverer som skal stå trygt og kunne kjølast ned.

Prosjektleiar i teknologirådet, Christine Hafskjold, seier det er verdsomspennande forbrukartrendar som skapar behovet for store serverrom der dataen kan lagrast.

– Vi har lyst å ha tilgang til bileta, musikken og dokumenta våre, uansett kvar vi er. I staden for å slepe med oss datamaskinen, har vi kanskje ein smarttelefon eller liknande og vi vil ha tilgang til alt vi har, seier ho.

Styreleiar i LocalHost, Egil Sverre Skibenes, seier dette kanskje er det størte internasjonale datalagringsprosjektet i Norge.

– Norge kan bli i verdsmålestokk ein veldig stor nasjon for datalagring.

Video Datalagring kan gi 250 arbeidsplassar

VIDEO: IBM signerte intensjonsavtale med måløyfirma om datalagring i Lefdalgruva

– Verdt å feire

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, meiner prosjektet er spennande for heile Nordfjord.

– Det er eit teknologeventyr som skal etablerast i Eid kommune. Vi får etterlengta arbeidsplassar i Nordfjord. Dette er verdt å feire i dag, seier ho.