Hopp til innhold

Dårleg vêr stengjer fjellet

Det dårlege vêret skapar problem på fjellovergangane.

Hemsedalsfjellet

DÅRLEG SIKT: Slik er sikta på Hemsedalsfjellet søndag ettermiddag. Denne fjellovergangen er open for ferdsel.

Foto: Netttkamera

- Vikafjellet er no stengt på grunn av uvêr, fortel vakthavande Arne Stadheim i Statens vegvesen.

Kolonnekøyring

HER KAN DU FØLGJE MED PÅ VEGANE VÅRE

Fjellovergangen vart stengt søndag ettermiddag, og det er uvisst om den vert opna att.

I tillegg er det kolonnekøyring på fylkesveg 50 Hol -Aurland på grunn av smal vegvbane. Dette gjeld strekninga Nilsegard-Øyestøl.

- På fylkesveg 53 Tyin- Årdal er det kolonnekøyring, fortel Stadheim.

Snøskred i Veitastrond

SKREDFARE: Det er framleis stor snøskredfare i Sogn og Fjordane. Raset i Veitastrond vitnar om store naturkrefter i sving.

Foto: John Molland

Snøskredfaren er stor

Meteteorologisk institutt melder om stor snøskredfare i fylket.

- Det er stor snøskredfare no på grunn av dei store nedbørsmengdene som er kome, fortel statsmeteorolog Haldis Berge.

Dette gjeld overalt i Sogn og Fjordane, og det vil vere fare for skred også utover natt til måndag.

- Det er venta mykje nedbør og det vil bli sørvestleg vind og opp i stiv kuling rundt Stad fortel Berge.

Sterk vind på Kysten

Kysten har hatt svært sterk vind og det var opp mot 20 meter høge bølgjer ved Stad fredag. Men det er ikkje fare for at det skal bli like sterk vind der søndag.

- Det blir sterk kuling rundt Stad og liten kuling langs kysten natt til måndag, seier Berge.

Vinden vil minke utover måndag.

Store bølgjer ved Stad

STERK VIND: Det er elendig sikt på fjellovergangane, og på kysten bles det friskt. Her er bilete frå stormen fredag ved Stad.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Snø, regn og sludd

I Veistastrond i Luster er dei avhengige av gode vêrvarsel for å kunne rydde det nærare 400 meter breie raset som gjekk laurdag føremiddag. Dei 120 innbyggjarane i bygda er no isolerte.

- Der er det venta meir nedbør i form av snø i dette området i løpet av søndag kveld, og natt til måndag, seier statsmeteorologen.

Men det er eit lite lyspunkt.

Måndag kveld vil det lette litt, og det gjev håp om at ryddearbeidet på raset vil gå bra.