Han åtvarar folk om å bevege seg i fjellområdet der ein ikkje er godt kjende.
– Det er stor skredfare no. Det går ein del naturlege skred mange stader og det kan vere enkelte vegar som er utsette.
Torsdag kveld vart to snøbrettkøyrar tekne av eit ras ved Østerbø i Aurlandsdalen. Begge vart redda ut i live, den eine av mennen låg tre timar under snøen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Nysnø og vind
SKREDFORSKAR: Krister Kristensen seier folk må vere forsiktige.
Foto: NRKMildveret som har vore ei stund har ført til at is og stein ramlar ned.
– Og så har vi det som skjer no, med nysnø og vind. Dette fører nesten alltid til skred i utsette stader.
Dei som har tenkt seg til fjells må passe på kvar dei beveger seg.
– Men det er mange stader det ikkje er bratt nok til at det kan gå skred. Skogsområde vil ofte vere trygge. Der det er gammal skog med store tre, har det iallefall ikkje gått ras dei siste 50 åra, seier han.
- LES OGSÅ:
Ber folk vere forsiktige
Kristensen seier at det ikkje alltid så lett å vite kvar det er trygt, men at det kan vere lurt å ta kontakt med lokalkjende folk.
– Det som er viktig er at folk er observante der dei beveger seg, spesielt gjeld det i terreng ein ikkje er kjend.
- LES OGSÅ:
– Pass på langs vegane
Det er ikkje berre dei som har tenkt seg til fjells som må pase på. Også langs vegane kan det vere utrygt, ifølgje skredforskaren. I dag vart ein bil treft av eit isras i Vik.
– Bilistar bør vere forsiktige og tenkje seg om om det er naudsynt å reise ut. Sjølv om Statens vegvesen stengjer dei mest utsette staden når det er behov for det, så kan det komme både stein-, is- og snøras andre stader langs vegane.