Hopp til innhold

Wizz Air vil saksøke norske kommunar og fylke for å boikotte dei

Statnett og Agder fylkeskommune avviser at dei boikottar flyselskapet, mens Bergen er klar for rundar i retten. – Det er viktig å hindre at eit slikt selskap får fotfeste i Noreg, seier finansbyråd Erlend Horn.

Flyselskapet Wiss Air

SAKSØKER: Eit fly frå Wizz Air på veg til rullebanen på Oslo Lufthavn Gardermoen i november.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I dag varsla Wizz Air eit søksmål mot fleire kommunar, fylkeskommunar og Statnett, for det selskapet meiner er ein boikott mot seg.

Dei har gitt ein frist på tre veker til å trekke tilbake boikottvedtaka.

– Eit vedtak om boikott er noko ganske anna enn ei fri meiningsutveksling. Slike vedtak har til hensikt å skape ein avkjølande og avskrekkande effekt på publikum, og har ein openberr konkurransevridande verknad, uttalar Marion Geoffroy, chief corporate officer i Wizz Air.

I vår blei det kjent at det ungarske flyselskapet ville etablere innanlandsruter i Noreg.

Men det har ikkje vore ein «flying start» for dei. Statsministeren er blant dei som har vore kritisk til arbeidsforholda til dei tilsette i selskapet.

Bergen er blant kommunane som vil bli saksøkt. Men trusselen bit ikkje på byrådet der.

Vi ønskjer ikkje å bruke pengane til skattebetalarane til å fylle desse flya, seier finansbyråd Erlend Horn (V) på vegner av byrådet.

Finansbyråd Erlend Horn (V) i Bergen.

STERKT KRITISK: Finansbyråd Erlend Horn (V) i byrådet i Bergen vil ikkje la Wizz Air etablere seg i Noreg.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Desse har fått varsel

Wizz Air grunngjev søksmålet med at fleire kommunar og fylke har vedteke boikott av dei utan å vurdere kor vidt det er lovleg å gjere, og «uten noen saksforberedelse».

Dei seier dei heller ikkje har blitt kontakta før vedtaka blei gjort, og held fram at på grunn av EØS-avtalen må Norge sikre etableringsretten i alle medlemsland.

Her er lista over dei flyselskapet no vil saksøke:

  • Agder fylkeskommune
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Viken fylkeskommune
  • Bergen kommune
  • Stord kommune
  • Oslo kommune
  • Statnett

Wizz Air understrekar at dei vil trekke søksmålet dersom aktørane reverserer «sin ulovlige boikott» innan fristen.

Avviser boikott-skulding

Agder fylkeskommune tek varselet om søksmål med knusande ro, og avviser at dei har pålagt nokon boikott.

– Vi har sendt ut eit tydeleg og klart signal, eit notat vi står bak i fylkestinget, om at vi er mot at vi skal bruke eit flyselskap som har gått så tydeleg ut og sagt at dei tilsette ikkje er organiserte, seier fylkesordførar Arne Thommassen (H).

Også Statnett avviser at dei deltek i ein boikott.

– Vi har vurdert kor vidt Wizz Air oppfyller krava vi stiller til alle våre leverandørar om å etterleve vårt etiske regelverk. Vi har konkludert med at det gjer dei ikkje, seier Henrik Glette, kommunikasjonsdirektør i Statnett.

Vil hindre at Wizz Air får fotfeste

Byrådet i Bergen tek varselet til etterretning. Kommunen har vedteke at tilsette ikkje skal bruke Wizz Air til jobbreiser.

– Vi meiner dette er noko som bør vere innanfor vårt skjønn å vurdere, seier finansbyråd Erlend Horn (V) på vegner av byrådet.

Han let det vere opp til den enkelte kor vidt vedtaket deira er å rekne som boikott.

Byrådet meiner at selskapet bryt internasjonale reglar og grunnverdiane i det norske trepartssamarbeidet.

– Derfor er det viktig at vi gjer det vi kan for å hindre at eit slikt selskap får fotfeste i Noreg, seier Horn.

Han er klar til å ta saka til rettsvesenet, om det går så langt.

– Burde de ha varsla Wizz Air før vedtaket?

– Det kan godt hende det hadde vore aller best, men eg meiner like fullt at vi burde ha det handlingsrommet. Vi ville ikkje ha endra vår konklusjon, for å seie det slik, seier finansbyråden.

– I tråd med etisk regelverk

Stord kommune har heller ikkje tenkt å endre på vedtaket sitt grunna trussel om søksmål.

– Vedtaket om ikkje å nytta Wizz Air til tenestereiser er i tråd med, og ei oppfølging av, det etiske regelverket og arbeidsgjevar- og innkjøpspolitikken til kommunen. Der legg vi stor vekt på å fremje eit seriøst næringsliv og organisert arbeidsliv, seier ordførar Gaute S. Epland.