Laurdag 16. juli vart draumen verkeleg for ein 37 år gammal mann i Dale. Dalingen hadde gløymt heile greia, at han hadde levert eit par kupongar hos «Pittersen» på veg heim.
Då Norsk Tipping ringde, trudde han difor at det var ein kompisspøk, skriv Vaksdalposten.
Ein skarp ein
- Då eg skjøna at fyren i telefonen snakka alvor vart eg heilt skjelven. Knea svikta og eg måtte ha meg «ein skarp ein». Kneskjelven gav seg ikkje før eg hadde fått i meg endå ein, seier mannen.
37-åringen er den tredje lottomillionæren i bygda med 1000 innbyggjarar på berre få år.
Den nye lottobygda

37-åringen gløymde at han hadde levert kupongar hjå «Pittersen». Foto: NRK
- Det er vel berre å innrømme, seier Roar Jødahl hjå Norsk Tipping etter å ha sjekka statistikken. - Dale er den nye lottobygda.
For sjølv om Verdalen i Nord Trøndelag rett nok har fleire lottomillionærar enn Dale, faktisk heile sju, er desse fordelt på så mange som 8000 innbyggjarar, kan lokalavisa Vaksdalposten avsløre.
Ikkje som «andre lottomillionærer»
Den nyrike 37-åringen er no på ferie. Ikkje i Karibien eller eingong Lanzarote, men på hytta. - Pengane har me sett i banken, seier familiefaren som overhovudet ikkje har planar om å røre den nyvunne formua.
Om rikdomen har gått meir til hovudet på dei andre vinnarane i den nye lottobygda seier soga ingenting om...