Cruiseskip i Olden. Arkivfoto NRK
Til saman 59 skip vitja hamnene Olden, Eid og Selje denne sesongen. Det er to færre enn i rekordåret 2003. Likevel vart det rekord i tal passasjerar frå skipa innom dei ulike reisemåla i Nordfjord.
24.000 passasjerar
Totalt er det køyrt 616 busslaster med til saman 24.000 passasjerar frå skipa, mot 492 i fjor og 576 i 2003. Sjølv om det er færre skip enn i 2003, er det likevel fleire passasjerar som har vore med på utflukter til Briksdal, Kjenndal, Tystigen, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Fjærland, Geiranger, Ervik og Vestkapp.
Siste skip 8. september
Torsdag 8. september var dei to siste skipa for denne sesongen på besøk i høvesvis Olden og Selje. Geiranger Cruise Handling AS og Fjord1 Nordfjord - Ottadalen AS har stått for organisering av guidar på utflukter og samhandling mellom skip og transport på kaiene.