Hopp til innhold

Over halvparten av norske cruisehamner seier nei til skjerpa miljøkrav

23 norske cruisehamner seier nei til skjerpa miljøkrav. Landstraum til skip innan få år, er eitt av krava dei ikkje vil oppfylle.

Queen Victoria mot kai i Olden

NEI TIL MILJØKRAV: Cruiseskipa som kjem til Olden i Stryn slepp å innfri miljøkrav som består av 14 ulike innskjerpingar. Dette fordi hamna ikkje stiller seg bak krava. Olden er i selskap med 22 andre norske hamner som ikkje stiller seg bak krava.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har ikkje slutta oss til dei 14 miljøkrava fordi det er usikkert om vi greier å innfri eit par av krava. Det er mellom anna usikkert om vi greier å få på plass eit landstraumanlegg innan 2025, seier ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal (Sp).

Cruisehamna i Olden i Stryn hadde vel 100 cruiseanløp i fjor.

– Viser det ikkje at de nedprioriterer miljøomsyna sidan de ikkje er med på dei 14 miljøkrava?

– Det er heilt feil. Målet er å få eit landstraumanlegg på plass i Olden, men vi veit ikkje om vi greier det, seier Kjøllesdal.

Årsaka til at det er usikkert om ein får landstraum på plass er at dei ikkje veit om dei greier å få finansiering på plass.

Per Kjøllesdal, ordførar Stryn

AVVISER KRITIKK: Det er ikkje slik at vi gir blaffen i miljøet fordi vi ikkje kan stille oss bak alle innskjerpingane, seier ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal (Sp).

Foto: Bård Siem / Bård Siem

Landstraum er dyrt, i Bergen kosta anlegget 150 millionar kroner.

Trudde fleire ville bli med

– Vi har sterk tru på at krava vil gje lågare utslepp frå cruisenæringa, sa byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo i februar i fjor då dei skjerpa miljøkrava vart presentert.

Oslo og 12 andre cruisehamner stilte seg bak krava, og forventningane var store til at dei resterande skulle følgje etter. Men sidan har ytterlegare berre ei hamn valt å bli med.

Desse er blant dei største og mest traffikerte i heile landet.

Målet med strengare miljøkrav er blant anna å kutte utspeppa frå cruiseskipa og hindre at bussar og annan transport til og frå båtane, fører til forureining.

23 norske cruisehamner er dermed ikkje med på alle dei skjerpa miljøkrava. Desse er:

Alta, Arendal, Bodø, Brønnøysund, Farsund, Fredrikstad, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Kristiansund, Lofoten, Longyearbyen, Mo i Rana, Narvik, Olden, Rosendal og Jondal, Sandefjord, Skjolden, Smøla og Hitra, Sortland, Telemark, Ulvik og Vik.

Kritikk frå MDG og Ap

Nasjonal talsperson for MDG, Arild Hermstad, reagerer sterkt på at mange av dei norske cruisehamnene ikkje stiller seg bak dei skjerpa miljøkrava.

– Det er elendig og eit svik når ein ikkje stiller seg bak dei skjerpa miljøkrava. Lokalpolitikarane må spørje seg sjølve kva type turisme dei vil legge til rette for. Dagens cruisenæring er ein av miljøverstingane, seier han.

Arild Hermstad (MDG) på folkemøte i Flåm

PROVOSERT: Cruisehamnene får seg dei verste i klassen, dei mest forureinande cruiseskipa, når dei seier nei til skjerpa miljøkrav, meiner Arild Hermstad, nasjonal talsperson for MDG.

Foto: NRK

Også byråd for næring og eigarskap i Oslo, Victoria Marie Evensen (Ap), er skuffa over at ikkje fleire stiller seg bak dei skjerpa miljøkrava.

– Vegen til nullutslepp frå cruise går gjennom samarbeid. Difor tok Oslo kommune leiarrolla der vi vart samde om 14 skjerpa miljøkrav, seier ho.

Evensen fryktar det kan bli lett for cruisenæringa å unngå strengare miljøkrav dersom ikkje alle stiller seg bak.

– Dersom hamnene ikkje står samla bak dei skjerpa krava, kan reiarlaga velje hamner utan miljøkrav. Forureininga kan dermed bli flytta frå ei hamn til ei anna. Dermed er ein like langt, seier ho.

Avviser kritikken

Per Kjøllesdal stiller seg uforståande til at han blir stempla som svikar av MDG fordi Stryn ikkje har stilt seg bak dei 14 punkta.

– Dette får stå for MDG si rekning. Det er ikkje slik at vi gir blaffen i miljøet fordi vi ikkje kan stille oss bak alle innskjerpingane, seier han.

Kjøllesdal viser til at fleire skip vart avviste frå Olden i fjor fordi dei forureina for mykje. Han legg til at ei eiga miljøplan for cruiseturisme i kommunen skal vere klar til våren.

Desse cruisehamnene stiller seg bak dei skjerpa miljøkrava:

Oslo, Bergen, Ålesund, Nordfjordeid, Stavanger, Kristiansand, Trondheim, Geiranger, Eidfjord, Flåm, Molde, Åndalsnes, Tromsø og Nordkapp.

Cruisekip i Bergen

BERGEN STILLER MILJØKRAV: Cruiseskipa MS Costa Favolosa, MS Aida Sol og MS Viking Sky ved Skoltegrunnskaia i Bergen i slutten av mai 2018. Bergen er ei av 14 norske hamner med skjerpa miljøkrav til cruisenæringa.

Foto: Atle Markeng / NRK