Hopp til innhold

«Det gjeld å vere tidleg framme»

Norsk Countrytreff på Breim er ein av knutepunktfestivalane i landet, altså del av eit nasjonalt kulturansvar. Torsdag kveld opna tidlegare kulturminister Anniken Huitfeldt den tjuande versjonen.

Roger og Ingrid Wernerson

TIDLEG UTE: Ekteparet Roger Wernerson og Ingrid Wernerson har vore på plass i mange dagar, og rosar festivalen opp i skyene.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Frå å vere ein festival som gjekk med 100.000 kroner i minus første året, håpar arrangørane på over 11.000 besøkjande i år.

Artistar både frå USA, Europa og ikkje minst både nasjonale og lokale artistar skal stå på scena frå i dag og fram til laurdagskvelden.

Fredag ettermiddag er det klart for CountryLutt. Den kan du høyre direkte i radio eller sjå på nett-tv lenger nede i denne artikkelen.

Slik det også har vore tidlegare, er det mange som kjem til Breim mange dagar før det heile brakar laus.

Tidleg på plass

To som er over gjennomsnittet interessert og som garantert fekk plass både på campingplassen og på opningsseremonien torsdag kveld, er Roger Wernerson og kona Ingrid. Dei nemleg vore på plass lenge allereie.

– Det gjeld å vere tidleg framme, så vi har vore her sidan sundag. Det er heilt utruleg, og ein av dei finaste stadane som finst. Både folka rundt og ikkje minst festivalen. Musikken er absolutt på topp uansett! Det betyr utruleg mykje, seier Roger Wernerson.

– Er du like entusiastisk som mannen din, eller er du med på lasset?

– Nja, begge deler trur eg, ler Ingrid Wernerson.

Men så røper ho ein detalj som tyder på litt over gjennomsnittleg interesse.

– Eg har vore kasserar i countryforbundet sidan 1997, så det syner at eg er litt interessert. Eg tykkjer det er kjempekjekt å reise rundt på festival, og likar meg spesielt godt på Breim.

Og ho har vore på plass mange år, med varierande grad av moglegheit for frukost med egg og bacon utanfor campingvogna, slik dei gjer det i år. Ekteparet har nemleg opplevd både oversvømming og finvêr.

– I år verkar det som det blir heilt topp!

(Artikkelen held fram under biletet)

Nils R. Sandal og Eva Hage Solstad

KLARE: Arrangørane Nils R. Sandal og Eva Hage Solstad rosar dei frivillige og gler seg til heilt ulike musikkopplevingar i helga

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Desert Rose Band!

Sidan sundag har ekteparet altså kunne nyte flott ver på Breim. Nokon som er minst like glade for vêret, er arrangørane som har jobba med festivalen i månadsvis.

– Det er utruleg kjekt og betyr mykje. For det er ikkje til å leggje skjul på at sidan vi har så mange arrangement som er utandørs, så vi er avhengige av vêret for publikum. Det er også kjekt for dei 6–700 som går rundt og jobbar frivillig, seier Nils R. Sandal.

Han fortel at han har prata med artistar frå både USA, Nederland og mange norske og lokale artistar. Fellestrekka er glede over vêret, ei flott helg, og mykje fin musikk.

Sjølv gler Sandal seg mest til Desert Rose Band. Det same gjer Roger Wernerson.

– Desert Rose Band! Eg har ikkje høyrt dei på 25 år, så det gler eg meg ordentleg, skikkeleg til!

Men ho gler seg til CountryLutt

Dagleg leiar i Norsk Country Treff, Eva Hage Solstad, seier ho kjenner på sommarfuglane no.

– Ja, dei har eg kjent på ei stund! Men dei eg har rundt meg er flinke på å sei "dette løyser vi", så då kan eg senke skuldrene litt. Men det er alltid spanande, seier Solstad.

Torsdag klokka 22 spelar Odd Norstoga. Sigrid Moldestad skal også spele. Heile programmet finn du her.

Men i motsetning til Wernerson og Sandal er det ikkje Desert Rose Band sjefen sjølv vil trekkje fram.

– Nytt av året er Country Lutt. Der vi har med talent frå talentkonkurransen i vinter, og band frå Sogn og Fjordane. Den type konsert har ikkje vi vore med på tidlegare, så det ser eg veldig fram til, seier Solstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyr og sjå CountryLutt hjå NRK

Heile konserten kan du oppleve i levande live inne på festivalområdet til Norsk Countrytreff fredag 11. juli klokka 15.05.

Men NRK sender også konserten direkte i radio på NRK Sogn og Fjordane og på nett. Det vert også rapportar frå backstage, festivalområde og campinga før og etter konserten.

Desse artistane frå Sogn og Fjordane vil då utfolde seg i ein god time.

  • Blågras
  • Empty Bottles Broken Hearts
  • Longhorn
  • Alice Kucevic Hugøy
  • Dan Mikal Ripe Frøystad
  • Anders Førde Midtbø band