Hopp til innhold

Hadde tusen fleire besøkjande på Norsk Country Treff enn i fjor

Vel 11.500 besøkte Norsk Country Treff på Breim i helga. Det er tusen fleire enn i fjor, men 1.600 færre enn rekordtalet frå 2009.

Norsk country treff

GOD STEMNING: Trass i at 11.500 menneske var innom countryfestivalen, vart det meldt om svært lite bråk.

Foto: Runar Sandnes

– Vi er strålande nøgde, spesielt med tanke på vêret. Vi har hatt eit besøkstal på 11500, og det er tusen fleire enn i fjor, seier dagleg leiar i Norsk Country Treff, Eva Hage Solstad.

Tala er førebelse og kan bli justert noko når finteljinga er unnagjort. Solstad legg ikkje skjul på at vêret har mykje å seie når ein driv eit arrangement som i all hovudsak går føre seg utandørs.

– Nesten alt skjer ute, så vi er avhengige av godt vêr undervegs. På sjølve området her kom det ikkje så mykje nedbør som det var meldt. Men nedbør i området rundt verka nok inn på talet på tilreisande, trur Solstad.

Litt færre budde på campen

Det er truleg noko av grunnen til at det var noko færre som overnatta på festivalcampen.

– Det var litt færre samla sett, men arrangementet var utvida med ein dag meir i år, så vi har hatt besøkjande over lengre tid, seier Solstad.

Ho fortel om svært gode tilbakemeldingar både frå artistar og festivaldeltakarar.

– Det har vore svært god stemning heile tida. Folk som bur på campingen har vore godt nøgde med vakthaldet. Det har vore rolegare på campingen, vi får ros for gode og ikkje minst reine fasilitetar. Slikt betyr noko for dei, seier Solstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eva Hage Solstad

NØGD: Dagleg leiar Eva Hage Solstad er svært nøgd med gjennomføringa av countryfestivalen.

Foto: Runar Sandnes

Har ikkje resultatet klart

Ho håpar talet selde billettar er nok til at festivalen går med overskot i år.

– Det håpar vi. Men dei tala har vi ikkje klare endå. Vi er spente på resultatet, seier Solstad.

Trass i at godt over 11.000 menneske har vore samla til fest og moro har det endå ein gong vore lite trøbbel å melde om.

– Eg må berre syne til utsegna vi har fått både frå politi og vaktselskap, og dei har sagt at det har vore god stemning og svært lite å setje fingeren på, seier Solstad, som har hatt løpande kontakt med både politi og vaktselskap.

Festivalen har jobbe medvite med å ha gode rutinar for vakthald, og har inne eit eksternt vaktselskap i tillegg til eigne vakter på området.

I tillegg er politiet inne med sine vakter.

Hovudartistane trekte fullt hus

Solstad fortel om svært mykje publikum, spesielt på hovudartistane Hellbillies, Bobby Bare og Vince Gill.

– Eg har aldri sett så mykje folk her før. Eg gjekk rundt på området og såg, og vi er samde om at dette må vere svært gode besøkstal på einskildkonsertar, seier Solstad.

Rundt 700 har stått på og jobba dugnad på festivalen, og Solstad er imponert over innsatsen.

– Dei har gjort ein imponerande jobb, både i forkant, undervegs og no i etterkant. Dei kan vere stolte av det dei har fått til, seier Solstad.

Kjenner seg godt imotteken

Ho er sjølv svært audmjuk i høve jobben som dagleg leiar. Då festivalen tok laust hadde ho hatt knapt ei veke i stolen som dagleg leiar.

– Vi var spente. Men dette er jobba fram av tidlegare dagleg leiar Ingemar Sårheim og heile hovudkomiteen og dugnadsgjengen. Eg har komme inn og har gjort så godt eg har kunna, men det er deira forteneste, seier Solstad.

Ho legg til at ho kjenner seg svært godt imotteken av gjengen i Norsk Country Treff.

– Eg kjenner meg veldig heime, seier Solstad.