Hopp til innhold

Country-fans i kø allereie

I helga vert countryfestivalen på Breim arrangert for 19. gong. Dei ivrigaste festivaldeltakarane har allereie stilt seg i kø for å få gode plassar på campingen.

I helga vert countryfestivalen på Breim arrangert for 19. gong. Dei ivrigaste festivaldeltakarane har allereie stilt seg i kø for å få gode plassar på campingen.

SJÅ VIDEO: Ivrige country-fans står allereie i kø. Sivert Bjørdal kortar ned ventetida med sang og gitar.

Sidan den fyrste festivalen i 1995 har festivalen vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i fylket. Frå 2000 besøkjande det fyrste året var det i 2009 meir enn 13 000 besøkjande på countrytreffet på Breim.

Vil sikre seg dei beste plassane

Nesten ei veke før festivalstart er det allereie kø utanfor campingområdet med country-entusiastar som vil sikre seg ein god plass på campen. Det gjer ingenting å stå i kø fleire dagar før festivalen opnar, meiner Sivert Bjørdal frå Ørsta som har stått i kø sidan måndag morgon.

– Det er viktig å vere tidleg ute. Vi er mange som reiser hit mange dagar før festivalen startar kvart år. Vi har på ein måte fått vårt eige miljø, flirer Bjørdal.

Bjørdal har vore på festivalen nesten kvart einaste år sidan 1995, og seier det kanskje er årets høgdepunkt, mykje fordi heile opplegget er så bra organisert.

Dugnadsgjeng

Det er over 600 personar i dugnadsgjengen til festivalen, og det hadde aldri gått utan desse, seier dagleg leiar i countrytreffet, Eva Hage Solstad. Ho fortel at det har vore mykje aktivitet dei siste dagane for å kome i mål til helga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Country

DUGNADSGJENG: Meir enn 600 frivillige jobbar dugnad for å at alt skal gå etter planen i helga.

Foto: Birger Meland/NRK

Solstad seier det er triveleg at det kjem folk å stiller seg i kø allereie no. I kveld skal det kome to fulle bussar med fleire som skal stille seg i kø.

Ingen slepp ikkje inn før torsdag, men det gjer ingenting å vente så lenge, seier Bjørdal.

– Vi som er her så tidleg lagar på ein måte vår eigen festival. Det er heilt kanon å ha denne oppvarmina før sjølve festivalen byrjar, seier Bjørdal.

SJÅ HEILE FESTIVALPROGRAMMET HER

Country

KLARE: Leiar Nils R. Sandal og dagleg leiar Eva Hage Solstad er klare til å ta i mot festivaldeltakarar frå heile landet i helga.

Foto: Birger Meland/NRK