Hopp til innhold

Bystyret går inn for Hordnesskogen

Det blei i dag fleirtal i bystyret i Bergen for å legga ny godsterminal til Hordnesskogen i Fana. I fylkestinget landa dei på Arnadalen.

Bystyret

Fleirtalet i bystyret ønsker at ein ny godsterminal skal ligga i Hordnesskogen. Den endelege avgjerda blir tatt av Samferdsledepartementet i haust.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Fleirtalet i bystyret blei utgjort av byrådspartia Ap, Venstre, KrF og MDG (som stemte subsidiært).

Avgjerda kom ikkje som ei overrasking etter at det i mai blei klart at byrådet ønska at godsterminalen skal ligga i Hordnesskogen/Rådal-området.

Dermed blei ikkje fanabuene sine protestar høyrde. I går stilte dei mannsterke opp på Festplassen for å visa sin motstand mot forslaget.

Fylkestinget stemte for Arnadalen

Fylkestinget i Hordaland gjekk tidlegare i dag inn for å be om tilleggsutgreiing om ny godsterminal i Arnadalen.

Les også: Fylket tilrår godsterminal i Arnadalen

Utgreiinga skal sjå på om det er mogleg å finne tilstrekkeleg areal for eit terminalområde i tilknyting til eksisterande og planlagt næringsareal, samt om nokon funksjonar kan leggast i fjell.

– Me har fått eit breitt fleirtal, og det er eg særdeles glad for, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

– Pest eller kolera

Fylkestinget ønsker også å sjå nærare på Flesland som lokalisering.

Om verken Arnadalen eller Flesland lar seg realisera, støttar fylkestinget konklusjonen til Jernbaneverket om at Rådal eller Unneland er dei mest aktuelle terminalområda.

– Dette blir ei prioritering mellom pest og kolera. Men viss det må bli ein av dei to, så er det Rådal/Hordnesskogen som ligg i fremste rekke, seier Hestetun.

Demonstrantar frå Arna utanfor Bergen bystyre

PROTESTAR: Demonstrantar frå Arna dominerte utanfor bystyresalen i Bergen onsdag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– To seriøse alternativ

– Dette er ei vanskeleg sak for alle parti, seier Martin Smith-Sivertsen (H). Høgre fremma forslag i bystyret om å legga terminalen til Espeland-området i Arna.

Han seier det var vanskeleg å bestemma om ein skulle be om fleire utgreiingar.

– Fleirtalet ville ta avgjerda no. Det vil komma to seriøse alternativ basert på Jernbaneverket si innstilling frå Bergensregionen til departementet. Det blir interessant å sjå kva dei kjem fram til, seier Smith-Sivertsen.

Samferdsledepartementet er venta å koma med ei avgjerd i saka i løpet av hausten.