Hopp til innhold

Fylket tilrår godsterminal i Arnadalen

Fylkespolitikarane ønsker ei anna løysing enn Jernbanverket sine alternativ for ny godsterminal.

Arnadalen

ARNADALEN: Frå Torofabrikken og sørover ønsker fylket å greia ut moglegheita for å bygga ein ny godsterminal.

Foto: THERESE GRIMSTAD PISANI / NRK

Det blei fleirtal for utgreiing av godsterminal i Arndadalen når utval for miljø og ressurs hadde møte i dag.

Roald Kvamme i Arbeidarpartiet fremma på vegner av Ap, KrF, H og Venstre forslaget som fekk fleirtal.

– Me er fornøgde med at me fekk med eit breitt fleirtal og at me fekk med Frp subsidiært, seier Kvamme.

«Fylkestinget ber om ei tilleggsutgreiing for å vurdere om det er mogleg å finne tilstrekkeleg med areal for eit terminalområde i nedre Arna-dalen i tilknyting til eksisterande og planlagt næringsareal. Her må̊ det vurderast om nokre funksjonar kan leggjast i fjell»

Saka skal opp for behandling i Fylkestinget tysdag og onsdag.

– Forventar at Jernbaneverket kjem med utgreiing

– Me er veldig tydlege på at me ønsker ei utgreiing på dette fjellhallkonseptet og forventar i grunn at Jernbaneverket gjer dette, seier Kvamme.

Med det landar dei på noko anna enn Byrådet i Bergen, som i mai gjekk inn for at godsterminalen bør leggast til Hordnesskogen i Rådal.

– Det har vore ein god runde, fordi det har vore mange ulike synspunkt. Men fleirtalet meiner ein må sjå nærare på alternativet i Arna, seier Nils Bjørke (Sp).

Ville at Unneland skulle strykast

Sp, SV og MDG stemte ikkje for forslaget til Ap.

Dette fordi Unneland framleis står som eit mogleg alternativ i innstillinga.

– Sjølv om innstillinga peikar på at Unneland er eit dårleg alternativ, meiner me at det burde strykast heilt. Dei som bur på Unneland bør få tryggleik for at me ikkje ønsker at godsterminalen skal leggast der, seier Bjørke.

Om ei utgreiing viser at godsterminal i Arnadalen ikkje er mogleg å realisera støttar utvalet Jernbaneverket sin konklusjon om at Rådal eller Unneland er dei aktuelle terminalområda.