Hopp til innhold

Over tusen møtte opp for å protestera

Festplassen var i kveld fylt av motstandarar av at ein ny godsterminal skal leggast til Hordnesskogen i Fana. I morgon skal både bystyret og fylkestinget stemma over saka.

Demonstrasjon mot godsterminal

NEI TIL GODSTERMINAL: Plasseringa av ny godsterminal vekker stort engasjement i Bergen. Tysdag kveld arrangerte Hordnesskogens venner aksjon på Festplassen for å demonstrera mot at ein ny godsterminal skal byggast i Fana.

Foto: MARIANN REIKERÅS / NRK

– Om godsterminalen skulle leggast i sentrum ville den dekka området frå bystasjon og bort til Håkonshallen, seier styreleiar i Hordnesskogen venner, Jan Petter Nøst.

Han var ikkje aleine om å finna vegen til Festplassen tysdag kveld, for å visa sin motstand mot at Hordnesskogen kan måtta husa ein ny godsterminal.

– Fleire og fleire protesterer ettersom konsekvensane går opp for dei, sa Nøst i sin appell.

I mai gjekk byrådet inn for at dei ønsker at godsterminalen skal leggast til Hordnesskogen.

Det har skapt store protestar.

– Dette rører ved veldig mange menneske, mange bruker skogen som turområde og mange bur i området rundt, seier ein av appellhaldarane Vibeke Flesland Havre.

Onsdag fell dommen i Bergen

Engasjementet i godsterminal-saka har vore stort i Bergen. Verken innbyggarane i Fana eller i Arna ønsker ein godsterminal velkomen.

I går gjekk utvalet for miljø og ressurs i Fylket inn for at godsterminalen bør leggast til Arnadalen.

I morgon, onsdag, stemmer både bystyret i Bergen og fylkestinget i Hordaland over kor dei meiner godsterminalen bør plasserast.

Den endelege avgjerda blir tatt av Samferdsledepartementet i haust.

Demonstrasjon mot godsterminal

FOLKSAMT: Folk stilte opp med både t-skjorter og faner for å visa sitt engasjement.

Foto: MARIANN REIKERÅS / NRK