– Bergen kommune har gjort nok ille ved å legge eit bossområde inntil skogen. Dette er ein vakker og verdifull skog som minst er på høgde med dei som er freda i Oslomarka. Vi vil vise kor vakker Hordnesskogen er, og seie tydeleg ifrå om at ein ikkje må finne på å plukke han ifrå kvarandre, seier Kari Øvsthus.
Sundag opnar ei ny fotoutstilling om Hordnesskogen på Hordamuseet. Samstundes lanserer Øvsthus ei bok ho har skrive om skogen. Bileta i boka og på utstillinga er tatt av Dagfinn August Hole.
– Bileta er heilt nydelege. Eg hadde aldri skrive denne boka viss det ikkje var for dei, seier Øvsthus.
- Les også:
– 200.000 brukarar i året
Målet er det same for boka og utstillinga: Vise fram Hordnesskogen frå si beste side, for å gjere det vanskelegare for politikarane å legge den nye godsterminalen for bergensområdet dit.
– Hordnesskogen er ein sum av mange ulike landskap og typar skog. At den har så mange område med gamle tre er spesielt nær ein stor by. Dette er eit heilt unikt friluftsområde, seier Øvsthus.
Ho fortel at ho i arbeidet med boka har fått dokumentert at Hordnesskogen har 200.000 brukarar kvart år.
– Det gjer skogen til det nest mest brukte friluftsområdet i Bergen, etter Fløyen, seier Øvsthus.
«Hordnesskogen. Eventyrskogen vår» blir gitt ut på Skald forlag. Under lanseringa og utstillingsopninga i dag, held statsarkivar Yngve Nedrebø innleiing om skogen. Det er Samrådingsgruppe Stend som har tatt initiativ til utstillinga.
- Les også:
Arrangerer fakkeltog
Men Hordnesskogen-tilhengarane kjempar også på fleire frontar. Søndag kveld arrangerte Hordnesskogens venner eit nytt fakkeltog, der Henning Warloe (H), Ove Sverre Bjørdal (Sp) og Oddvar Skre (SV) haldt appell.
Regjeringa si kvalitetssikringsrapport tilrådde i november at godsterminalen bør bli i Bergen sentrum i lang tid enno, men Hordnesskogens venner fryktar likevel for framtida.
Viss godsterminalen på Nygårdstangen blir for liten etter 2040, vurderer kvalitetssikringsrapporten nemleg Rådal/Hordnesskogen og Dyngeland som dei to beste lokaliseringsalternativa.
- Les meir:
Hordnesskogens venner vil uvissa dette skapar til livs.
«Hensikta er å tenne eit lys hos våre politikarar, slik at dei tar ei fornuftig og framtidsretta avgjerd om å si NEI til godsterminal i Hordnesskogen, og JA til å ta vare på bydelen Fana», skriv leiar Anne-Margrete Bollmann i invitasjonen til fakkeltoget.
Dei frammøtte gjekk i ein fire kilometers runde kring Storåsen.