Byrådet går inn for Hordnesskogen

Byrådet i Bergen kjem til å gå inn for at den nye godsterminalen vert lagt til Hordnesskogen i Fana.

Fana barnehage, Marion og Elise

TUROMRÅDE: Det har vore store protestar mot å flytta godsterminalen til Hordnesskogen i Fana. Byrådet går likevel inn for dette alternativet i dag.

Foto: Tone Berge / NRK

– Som byrådsleiar kan eg ikkje la min eigen bustad i Fana styra. Me må på ein mest mogleg objektiv og samvitsfull måte vega fordelar og ulemper med de ulike alternativa opp mot kvarandre. Det har me gjort. Rådal står fram samla sett som mindre problematisk enn dei tre andre, seier byrådsleiar Harald Schjelderup til BA.

På KrF og Ap sine gruppemøte førre veke gjekk begge partia inn for Hordnesskogen som alternativ. Det kjem difor ikkje som noko overrasking at byrådet i dag går inn for denne løysinga.

– Må vudera andre løysingar

Schjelderup ber også byrådet greia ut om dei tre andre alternativa til Jernbaneverket, Unneland, Espeland og Haukås, har vore godt nok vurdert.

Jernbaneverket anbefalte i si instilling til departementet i januar at godsterminalen bør leggast anten i Unneland i Arna eller i Rådalen.

Høgre i Bergen gjekk på sitt gruppemøte førre veke inn for å legga godsterminalen til Espeland.

Bystyret vedtar endeleg høyringsuttale på vegne av Bergen kommune 15. juni. Den endelege avgjerda blir tatt av regjeringa, som har understreka at det er viktig med lokal einigheit i saka.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.