Hopp til innhold

Heimlause skal få dusj: – Bruk heller pengane på vanlege bergensarar

Tiggarar og heimlause i Bergen kan gå vekevis utan dusj og klesvask. Det skal byrådet no gjera noko med. Men Frp er kritiske. – Særgrupper som skal få alt mellom himmel og jord.

Tigger i Bergen 4

HEIMLAUS FÅR DUSJ: Dei neste fire åra skal det brukast éin million årleg på å gje tiggarar og bustadlause eit tilbod om dusj og klesvask. Det får Frp til å stegla. – Nokre grupper skal liksom vera dei utvalde, seier gruppeleiar Tor Woldseth.

Foto: Runa Victoria Engen

Byrådet i Bergen går i sitt budsjettforslag for 2017 inn for å løyve éin millionar kroner årleg til å gje heimlause i byen eitt tilbod om dusj og klesvask.

Forslaget var ein del av byrådsplattforma frå partia som tok makta i fjor haust.

Tidlegare har tiggarar fått tak over hovudet på Kirkens Bymisjon sitt overnattingstilbod for heimlause, men har berre fått vaska seg med bøtte og klut på eit lite toalett.

Sosialbyråden i Bergen innrømde at tilhøva for tiggarar og heimlause er uverdige.

– Det er jo eit verdispørsmål, at uansett kva bakgrunn du har skal du ha rett på grunnleggande verdigheit, seier sosialbyråd Erlend Horn (V).

Erlend Horn

BYRÅD: Sosialbyråd Erlend Horn (V) til gje heimlause eit tilbod om dusj.

Foto: Pressefoto

– Det å kunna ta seg ein dusj og få vaska kleda sine er for meg nettopp det.

– Bruk heller pengane på vanlege bergensarar

Robin Hood-huset i Bergen har gjort ei undersøking mellom tiggarar og bustadlause, som viser at det kan ta vekevis mellom kvar gong desse menneska får dusja.

Sosialbyråden meiner det ikkje er tvil om at det er trong for eit slikt tilbod, og har no funne pengar. Onsdag kunne han dermed skryta av å innfri eit av løfta i byrådsplattforma mellom Venstre, Kristeleg folkeparti og Arbeidarpartiet.

Dei neste fire åra skal det brukast éin million årleg på å gje tiggarar og bustadlause eit tilbod om dusj og klesvask.

Sebastian Schwalbach

DUSJ OG VASK: Sebastian Schwalbach er prosjektleiar for akuttovernattinga for fattige reisande i Bergen. – Ein dusj og ei vaskemaskin. Det burde me klara å få på plass, sa han til NRK i sommar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det førre Høgre- og Frp-byrådet var motstandarar av å etablera eit dusjtilbod for dei bustadlause.

Gruppeleiar i Frp Tor Woldseth meiner heller at byrådet burde ha prioritert å få på plass offentlege toalett i byen.

– Toalett for vanlege bergensarar har Horn ikkje funne pengar til, men no finn han pengar til dette. Nokre grupper skal liksom vera dei utvalde ser det ut for, særgrupper som skal få alt mellom himmel og jord, seier Woldseth.

Tor Woldseth

KRITISK: Gruppeleiar i Framstegspartiet Tor Woldseth meiner heller at byrådet burde ha prioritert å få på plass offentlege toalett i byen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Må ta vare på dei svakaste

Woldseth meiner menneske som kjem til Bergen må ha pengar til å opphalde seg der.

– Det kan ikkje vere slik at samfunnet skal dekka alle kostnadene til dei som kjem. Det er reglane, og sånn tykkjer vi det skal vera også.

Venstre-byråd Erlend Horn reagerer sterkt på reaksjonen til Frp.

– Vi blir målte på korleis vi tek hand om dei svakaste. Dei kjem ikkje til Noreg og Bergen for å dusja, det er på grunn av sosial nød vi ikkje kan sjå føre oss.

Det er ikkje bestemt kor tilbodet skal vera, men saman med ideelle organisasjonar i sentrum håpar byråden å finna ei løysing.

– Eg håpar vi kan komme raskt i gang med dette, seier Erlend Horn.