Prislappen på skipet er 500 millionar kroner.
Skroget skal byggast i utlandet, men det er BMV Laksevåg som skal utrusta skipet.
Ny skipshistorie
Administrerande direktør Trygve Aarland seier kontrakten markerer ny historie for bergensk skipsindustri.
- Det er ein milepæl som svært få i Bergen trudde på i 2002 då korthusa fall ved Mjellem & Karlsen, meiner han.
28 meter breitt
Skipsreiar Ellen Forland har tinga det som vil bli verdas største og mest avanserte seismikkskip frå Bergen Mekaniske Verksted.
Å byggja heile det 28 meter breie skipet i Bergen ville blitt for dyrt og krevjande.
- Me har kunnskap og kompetanse, men grunna storleiken på skipet er det ikkje teknisk mogleg å få det til, fortel Aarland.
Grand old lady
Skipsreiar Ellen Forland er The grand old lady i bergensk skipsfart.
Ho er kjend for å stilla særskilde krav til stil og komfort for mannskapet ombord på skip - og det gjeld også for verdas største seismikkskip.
- Fru Forland har eit heilt spesielt forhold til sine tilsette og folk ombord på båtane, seier han.