Hopp til innhold

Byggjer firefelts motorveg «ulovleg» – har ikkje vurdert naturkonsekvensane

Staten vedgår at dei godtok ein firefeltsveg vest for Bergen i strid med naturmangfaldlova, og oppheva planen. Men bygginga av vegen er allereie godt i gang.

Bygging av Sotrasambandet, ved Kolltveit, der byggestart vart offisielt markert 22. mars 2023

ULOVLEG BYGGING: Arbeidet med motorvegen Sotrasambandet starta ved Kolltveit i Øygarden i vinter, men no har Statsforvaltaren oppheva reguleringsplanen for dette anleggsområdet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Øygarden kommune vest for Bergen starta bygginga av det nye, firefelts Sotrasambandet i vinter. Innfartsåra til byen er det dyraste enkeltprosjektet til Statens vegvesen nokonsinne.

Men sidan fredag har delar av byggearbeidet juridisk sett vore ulovleg.

For då oppheva Statsforvaltaren i Vestland ein annan reguleringsplan som mellom anna gjeld for området der byggestarten for Sotrasamband-planen vart offisielt markert i mars.

Bakgrunnen er at Sivilombodet meiner denne andre planen er vedtatt i strid med krava i naturmangfaldlova.

Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann

– Me har ikkje gjort jobben godt nok i høve til naturmangfaldlova, vedgår fungerande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid i Vestland.

Foto: Kaia Viki / NRK

Byggjer no utan lovleg plan

Representantar for «alle» styremakter var til stades på markeringa av byggestart for Sotrasambandet.

Men Statsforvaltaren visste ikkje at planen dei no har oppheva, også gjeld strekninga der byggearbeida faktisk starta i vinter.

– Det hadde me ikkje klart føre oss. Det er ikkje uvanleg at ei byggestrekning er omfatta av fleire reguleringsplanar, seier assisterande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid, som signerte opphevingsvedtaket.

I forlenginga av Sotrasambandet har Øygarden nemleg planlagd ein nesten ti kilometer lang veg nordover frå Kolltveit på Sotra via Fjæreidpollen til det viktige industriområdet Ågotnes.

Motorvegen Sotrasambandet skal erstatta dagens Sotrabrua, og blir no bygt frå Kolltveit i vest. Øygarden kommune planlegg ei forlenging frå Kolltveit til Ågotnes.

Kolltveitområdet er altså med i både denne reguleringsplanen, som no er oppheva, og Sotrasambandet-planen, der anleggsmaskinane allereie går for fullt.

– Me har no fått informasjon frå kommunen om at arbeidet allereie er i gang på eit lite område av planen. Då vil vårt vedtak få større konsekvensar enn me såg føre oss, seier han.

Han avviser at det var ulovleg å starta byggearbeidet, for då var reguleringsplanen gyldig. Men sidan fredag er situasjonen annleis.

– Rettsleg sett kan ein seia at det som skjer no er ulovleg, men dei må få halda på medan me får områdd oss.

For dårleg naturvurdering

Bakgrunnen for at denne situasjonen har oppstått, er naturmangfaldlova.

I forlenginga av Sotrasambandet har Øygarden altså planlagd veg nordover frå Kolltveit til det viktige industriområdet Ågotnes. Statsforvaltaren i Vestland avviste Naturvernforbundet si klage mot reguleringsplanen for denne strekninga.

Men førre veke slo Sivilombodet fast at Statsforvaltaren sitt vedtak braut med krava i naturmangfaldlova.

Store delar av planområdet går gjennom naturområde som er urørt i dag.

Statsforvaltaren gjorde ikkje ei tilstrekkeleg vurdering av konsekvensar etter naturmangfaldlova, og det er uklart om kunnskapsgrunnlaget var tilstrekkeleg, meiner Sivilombodet.

Parti fra Morland (Morlandsvatnet til høyre), der den planlagte fylkesveien Kolltveit-Ågotnes vil gå gjennom området som vises på bildet.

Reguleringsplanen opnar for ein ti kilometer lang firefeltsveg her i Øygarden kommune, i forlenginga av Sotrasambandet. Statsforvaltaren vedgår at planen er laga og godkjend i strid med naturmangfaldlova.

Foto: Gunvar Mikkelsen / FNF Hordaland

Staten innrømmer feilen

Fredag vedgjekk Statsforvaltaren feilen, og oppheva både sitt eige vedtak og reguleringsplanen kommunestyret vedtok i 2019.

– Vedtaket vårt er ugyldig og me oppheva reguleringsplanen kommunen har vedtatt, seier Hæreid.

– Prosjektet vil beslaglegga urørt natur, og fleire kritisk og sterkt truga artar vil bli påverka negativt. Sivilombodet seier saka krev omfattande vurdering etter naturmangfaldlova og at dei vurderingane manglar. Det er ein feil ved utgreiinga.

Han understrekar at kommunen er planstyremakt, men innrømmer at Statsforvaltaren i si klagehandtering heller ikkje fanga opp at dette ikkje er godt nok handtert.

– Me har ikkje gjort jobben godt nok, seier Hæreid.

Saka blir derfor send tilbake for ny behandling i kommunen.

Klagaren er nøgd

– Når dei opphevar planen, har me fått fullt medhald, seier Gunvar Mikkelsen.

Han er koordinator for Forum for natur og friluftsliv Hordaland, som klaga saka inn til Sivilombodet.

– Me klaga på at verken kommunen eller Statsforvaltaren hadde vurdert dei grunnleggande tinga i naturmangfaldlova, altså om å vega inngrepet opp mot naturverdiane.

Gunvar Mikkelsen, FNF Hordaland

Gunvar Mikkelsen i Forum for natur og friluftsliv Hordaland fekk medhald frå Sivilombodet, og dermed vedgjekk Statsforvaltaren i Vestland brot på naturmangfaldlova.

Foto: FNF Hordaland

– Mange følger ikkje lova

Mikkelsen viser til at Stortinget vedtok naturmangfaldlova for snart 14 år sidan.

– Det blir dagleg gjort tallause planvedtak rundt om i landet. Me er blitt vane med at denne lova ikkje blir brukt slik ho er meint.

Han meiner praksisen ikkje har vore god nok i mange kommunar.

– Krava blir kanskje oppfatta meir som ein formalitet enn ei lov som skal følgast rett, når ein ser at ein kjem unna med ganske dårleg kartlegging og lettvinte vurderingar i kommunestyra. Forbetringspotensialet er stort. No håpar me at vurderingane i utbyggingssaker blir gjort grundigare, seier Mikkelsen.

Assisterande statsforvaltar Hæreid er til dels einig.

– I nokre saker ser me at krava i naturmangfaldlova knapt er nemnde. I andre reguleringsplanar er det gjort gode vurderingar etter naturmangfaldlova.

– Og no har også de sjølve svikta?

Det må me berre ta med oss og læra av i vårt arbeid vidare.

Offisiell markering av byggestart for Sotrasambandet, 22. mars 2023. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) i midten. Flankert av fylkesordførar Jon Askeland (Sp), vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og vegvesenets utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.

22. mars markerte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (i midten) byggestart for Sotrasambandet. Men no er ein reguleringsplan oppheva og bygginga her er dermed juridisk sett ulovleg, på grunn av manglande naturmangfaldvurderingar.

Kommunen protesterer

Heller ikkje ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H), var klar over at reguleringsplanen som no er stoppa, gjeld for området der bygginga pågår for fullt.

– Men kommuneadministrasjonen visste det nok. Det som er starta, er ei midlertidig kryssløysing i den vestlege enden av Sotrasambandet, forklarar han.

Kommunen ber no Statsforvaltaren omgjera vedtaket sitt.

– Me peikar på at den sørlege delen av planområdet Kolltveit-Ågotnes ikkje er omfatta av dei utfordringane som Sivilombodet meiner er mangelfullt vurderte, seier Indrevik.

Sotrasambandet, Statens vegvesen

Dei neste åra skal det byggast firefelts Sotrasambandet (til høgre) for å avlasta dagens rushbelasta Sotrabrua (til venstre).

Rv555 Sotrasambandet

Heile traséen for det nye Sotrasambandet endar ved Kolltveit i Øygarden. Der planlegg kommunen ei forlenging vidare til Ågotnes, men reguleringsplanen er no stoppa.

Første "spadetak" på Sotrasambandet.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) fyrte av ei dynamittsalve i eit intenst striregn då byggestart for Sotrasambandet blei offisielt markert i mars. No er arbeidet på dette anleggsområdet juridisk sett blitt ulovleg.

– Må sjå på om oppheving var ugyldig

Hæreid vil no revurdera saka.

– Me må sjå på om vår oppheving av reguleringsplanen var ugyldig fordi me ikkje visste at arbeidet er i gang på ein liten del av planområdet.

– Trekker du tilbake innrømmelsen om at Statsforvaltaren ikkje gjorde det naturmangfaldlova krev?

– Nei, det står fast. Men me må sjå på kva konsekvensar det skal få. Når det er gjort feil i eit forvaltningsvedtak, hender det stundom at vedtak likevel må oppretthaldast som gyldig dersom konsekvensane for samfunnet er store om vedtaket blir ugyldig. Me hadde ikkje alle fakta på bordet då me gjorde vedtaket fredag og må sjå på dette på nytt. Det er til dømes ikkje sikkert at feilen rammar det konkrete området dei har starta å bygga på, seier Hæreid.

Han seier han raskt vil ta stilling til korleis manglande vurdering etter naturmangfaldlova skal vektleggast opp mot konsekvensane av å kjenna reguleringsplanen ugyldig.

– Dette er høgt prioritert at me skal gjera snarast råd.