Ho har teke fri frå skulen og reist 500 kilometer frå Nesodden til Sunnfjord for å lenke seg fast. Lægreid er ein av aksjonistane som i dag har lenka seg fast til anleggsmaskinar for å stogge arbeidet.
– Det å bryte meg inn på eit anleggsområde gjer eg fordi lovbrotet som blir gjort mot naturen, er mykje større enn at eg bruker mine demokratiske rettar på å seie frå kva eg meiner er rett, seier ho.
Klatra over gjerdet
I sjutida i dag tidleg klatra 10–15 aksjonistar over gjerdet til anleggsområdet på Engebø i Vevring. Plakatar blei hengde opp på gjerdet og det var kamprop.
Nokre av demonstrantane lenka seg fast i anleggsmaskinar.
– Vi har sett at rivingsarbeidet er i gang på Engebø. Dette gruveprosjektet vil føre til ein miljøkatastrofe om det blir realisert, seier leiar Gina Gylver i Natur og Ungdom.
Bakgrunnen er at Nordic Mining har starta arbeidet med å byggje ut området som skal huse gruveanlegget. Det er planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden som har gjort prosjektet svært omstridd.
– Vi har lenge sagt at om det blir naudsynt, så går vi til sivil ulydnad. Det er det vi gjer no.
LENKAR SEG FAST: Aksjonistane er klare for å markere seg
Foto: Arne Stubhaug / NRKKlar over konsekvensane
Gylver seier dei har varsla lenkeaksjonar lenge, og kallar det «ei ekstremt viktig sak». Ho seier dei har kjempa i denne saka i ti år.
– Vi er heilt klar over at dette er eit alvorleg verkemiddel, seier Gylver.
– De er klar over at dette etter kvart kan bli ei politisak og at de kanskje blir fjerna for at anleggsarbeidet skal starte opp?
– Absolutt. Dette er ei sak av nasjonal og internasjonal betydning. Alle dei som er her, er klare til å ta konsekvensane, seier ho.
TEK DET ROLEG: Driftsdirektør Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining.
Foto: Eirin Tjoflot / NRKIkkje politimeld enno
I dag stod riving av tre gamle bygningar på planen.
Driftsdirektør Kenneth Nakken Angedal i Nordic Mining er ikkje overraska over det som har skjedd.
– Men det er synd at dei tek i bruk slike middel og at dei tek seg inn på avsperra område.
Dei hadde lagt til eige område der aksjonistane kunne vere. Selskapet seier det ikkje blir arbeidd på området i dag for å unngå konfrontasjonar. Angedal seier dei enno ikkje har vore i kontakt med politiet.
– Vi ønskjer at dette er siste utveg.
TEK SEG INN: Her tek aksjonistar seg inn på anleggsområdet på Engebø i Vevring klokka 7 tysdag morgon.
Foto: Arne Stubhaug / NRKOgså i 2016 var det demonstrasjonar mot gruvedrift og fjorddeponi i Vevring. Aksjonistar lenka seg fast, og over 80 personar fekk bøter for sivil ulydnad.
Gir støtte
Naturvernforbundet skriv i ei pressemelding at dei «gir full støtte til sivil ulydigheits-aksjonen» i Vevring.
Leiar Truls Gulowsen seier at Naturvernforbundet sjølv ikkje deltek i slike aksjon, men at dei støttar Natur og ungdom sin kamp for å hindre bygginga av gruveanlegget.
– Dette forureinande og utdaterte gruveprosjektet må stoppast. Vi reagerer sterkt på at Nordic Mining har starta arbeidet før klagen på driftskonsesjonen er behandla i Nærings- og fiskeridepartementet. No må næringsminister Jan Christian Vestre komme på bana og trekke driftskonsesjonen tilbake.
Nærings- og fiskeridepartementet skriv til NRK at klagesaka er til behandling og at eit vedtak kan ventast om ikkje lenge. – Vi kan ikkje kan gå i nærare detalj fordi saka framleis er under behandling, opplyser departementet.
Vil ikkje lenke seg fast no
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) støttar dei ulydige aksjonane.
– Vi har stor forståing for dei aksjonane som er sette i gang. Det er lang tradisjon i Noreg for bruke sivil ulydnad i store og prinsipielt viktige naturvernsaker. Og det er Engebø-saka.
I 2016 var Bjørlo ordførar i dåverande Eid kommune. Då sa han at han var villig til å lenke seg fast i kampen mot fjorddeponi.
– Det står eg fast på at eg ville gjere i den posisjonen eg var då. No er eg representant landets nasjonalforsamling og kan jobbe på andre måtar for å stoppe det eg har arbeidd mot.
Rødt, SV, MDG og Venstre har fremma eit felles forslag mot gruvedumping som skal behandlast i mai.
Donerer pengar
Interesseorganisasjonen Norske Lakseelver gir 20.000 kroner til dei som aksjonerer mot gruveplanane.
– Det er ein veldig god grunn. Vi har to store lakseelvar inst i fjorden, og Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord. Gruvedumpinga skal gå føre seg rett utanfor grensa til nasjonal laksefjord, seier kommunikasjonsansvarleg Pål Mugaas.
Organisasjonen som representerer 112 av dei norske lakseelvene, har frå donert 10.000 kroner til aksjonistane både i Repparfjorden og Førdefjorden.
– Er det rett å gi støtte til aksjonistar som handlar ulovleg?
– Det var tema på landsmøtet i går, men vi fall ned på at denne saka er så viktig at vi må bruke denne typen verkemiddel, seier han.
PROTEST: 10-15 personar tok seg inn på anleggsområdet.
Foto: Arne Stubhaug / NRKOmstridd prosjekt
Engebøfjellet inneheld Noregs største førekomst av rutil, som er eit mineral som vert brukt som kvitningsmiddel i tannkrem, mat og måling, og som metall i fly og sportsutstyr.
Men prosjektet har vore omstridd, og konsekvensutgreiingar, reguleringsprosessar og motstand frå miljøinteresser har bidrege til at prosjektet har dratt ut i tid.
I alt har prosjektet ein kostnadsramme på rundt 2 milliardar kroner. I januar gjekk lokale investorar inn med 132 millionar kroner.
MARKERING: Natur og Ungdom er på plass på Engebø.
Foto: Arne Stubhaug / NRK