Hopp til innhold

Bygdefolket samla inn 1,5 millionar til vegen som får sjåførar til å grine

KALVÅG (NRK): Vegstandarden fekk ein svensk vogntogsjåfør til å grine. No har bygdesamfunnet samla inn nær 1,5 millionar til utbetring av smal fylkesveg.

Trailer i sjøen ved Kalvåg

FLEIRE ULUKKER: Denne semitraileren hamna i sjøen like ved Kalvåg på den utsette fylkesvegen. Biletet er frå ei tidlegare ulukke.

Foto: Ole Røys

– Det er valdsomt når vaksne folk i sin beste alder grin fordi dei ikkje vil køyre på vegen. Det er sterkt, seier Per Røys, som er fabrikksjef ved Pelagia Kalvåg.

I bygdene Kalvåg og Bremanger er dei vande med at det korkar seg på svingete og smal fylkesveg.

Dagleg køyrer tungtrafikk for å frakte sildetønner frå Pelagia Kalvåg på den utsette vegen.

– Eg har vore med på episodar der eg har henta utanlandske sjåførar, for så å køyre semitraileren tilbake til ferjekaia, seier Røys.

Fleire gonger går det gale, men verst gjekk det for ein sjåfør frå Sverige som fekk eit ublidt møte med eit trongt sund i Bremanger.

– Han køyrde seg fast. Vi fekk vogntoget på rett kjøl, men han nekta å køyre vidare. Han klarte det berre ikkje, så han sat i semitraileren å grein, seier Røys.

Like ofte får mindre køyretøy trøbbel på den frykta vegen, men no er eit spleiselag nær ved å gjere noko med det.

Lastebilar har kollidert på fylkesveg 616

FULL STOPP: Dette trafikkuhellet skjedde i desember 2017.

Foto: Kjell-Bjarte Varpe

Samla inn over ein million

Utbetring av fleire dårleg punkt mellom Oldeide og Kalvåg, på kysten av Sogn og Fjordane, kostar seks millionar kroner. Dersom dei lokale innbyggarane klarar å samle inn 2 millionar, kan draumen om betre veg bli røyndom. Kommunen og fylkeskommunen har lova å bidra med to millionar kvar.

– Vi har nesten fått inn ein og ein halv million kroner, seier Jan Fredrik Fosse i aksjonsgruppa.

Pengane skal bli brukt til å utbetre flaskehalsar og få fleire møteplassar.

Aksjonen skulle eigentleg avsluttast i romjula, men no vil dei halde fram til målet er nådd, noko han har god von om at dei skal klare.

– Eg trur vi skal kunne komme i mål med det lokale engasjementet vi har sett. Vegen er tydeleg veldig viktig for mange, seier Fosse.

 Per Røys, Steinar Ryland, Jorunn Frøyen og Jan Fredrik Fosse

BETRE VEG: Aksjonsgruppa for betre veg i Ytre Bremanger. Frå venstre Per Røys, Steinar Ryland, Jorunn Frøyen og Jan Fredrik Fosse.

Foto: Kjell Aga Ulvestad