No vil eit spleiselag gjere slutt på dette

Næringslivet har allereie lova å stille med minst to millionar for å ruste opp fylkesveg 616 mellom Kalvåg og Klubben. Då er det godt å høyre at også fylkeskommunen stiller opp.

Semitrailer sperrar fylkesveg 616 i Bremanger.

SER DETTE OFTE: Det er ikkje sjeldan at store køyretøy som denne semitraileren, set seg fast og sperrar fylkesveg 616 i Bremanger mellom Kalvåg og Klubben. No kan problemet endeleg få ein slutt.

Foto: Jan Ove Rønning

– Eg synest det er fantastisk flott at dei stiller opp, både fylkeskommunen og kommunen, og Vegvesenet er vel også med, seier Svein Inge Foss som driv turiststaden Knutholmen i Kalvåg.

Eit samrøystes samferdsleutval vedtok i dag fylkeskommunen deltek i spleiselaget med to millionar kroner. Vegen mellom Kalvåg og Klubben har behov for opprusting til rundt rekna 6,5 millionar. Kommunen stiller med sin del, og Fosse har tidlegare garantert at næringslivet stiller med minst to millionar kroner.

– Eg har lovt å vere med, så det skal eg, seier Fosse, som ikkje har fått kalde føter.

Stort problem at køyretøy set seg fast

Dei lokale har titt og ofte opplevd at vegen blir stengd i fleire timar fordi større køyretøy set seg fast. Problemet er størst på vintertid, då snø og is kombinert med smal veg og flaskehalsar, syner seg å vere svært lite gunstig.

– Av og til er det dagar der 14 trailerar og vogntog skal ut av bygda, og møter dei ein privatbil eller ein annan bil i ein bakke, så står dei fast og så seglar dei ut av vegen. Då er det inn med tauingsbil, og så er vi utestengde frå omverda i fleire timar, så dette er forferdeleg irriterande, seier Fosse.

Ifølgje han er planen for utrustinga å få på plass kring 30 møteplassar på dei mest utsette plassane.

fylkesveg 616 ved dalsbotten

SMALT: Her ved Dalsbotten og på resten av strekka mellom Kalvåg og Klubben i Bremanger, skal det etter planen kome mange møteplassar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Klar for å starte innsamlingsaksjonen

Men for å få til dette har Fosse vore nøydd til å love støtte frå eiga og andre si lomme.

Svein Inge Fosse

STARTAR KRONERULLING: Svein Inge Fosse er klar for å innfri løftet om minst to millionar kroner frå næringslivet.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det er blitt slik i samfunnet at vi private også må vere med og sponse. No håpar no eg at får med meg andre, så eg ikkje blir kasta ut frå heimen ved å setje huset i pant slik at kjerringa blir forbanna, fleiper han.

Men Fosse er trygg på at han skal få støtte frå andre i området. Han fortel at fleire pensjonistar har sagt dei vil vere på innsamlingsaksjonen når den startar. Og no når fylkeskommunen har gjeve klarsignal frå sin kant, er det berre å setje i gang, meiner Fosse.

– No håpar eg at fylket avklårar med grunneigarane, så vi får det ut av verda, og så får eg setje i gang ein kampanje her. Vi får prøve å vinkle det slik at dei som er med oss får litt åtgaum for det. Eg har tidlegare garantert at vi skal kome opp i to millionar, og det står eg ved, seier han.