Dei folkevalde har nett lagt bak seg debatten om Bergensprogrammet og bybanen.
Forkasta Frps forslag
Stortingsfleirtalet meiner at Bergensprogrammet og bybanen vil gje ei løysing på transportutfrodringane i Bergen dei neste 15-20 åra.
Det var berre Framstegspartiet som ville ha ei folkerøysting om bygging av bybanen og bompengefinansiering før Stortinget fatta vedtak. Dette forslaget forkasta Stortingets fleirtal.
Bompengefinansiert
Bergen kommune har teke på seg driftsansvaret for bybanen. I Bergensprogrammet ligg det fleire store vegutbyggingsprosjekt.
Det største er første etappe av Ringveg vest, første byggetrinn av bybanen og bygging av Skansetunnelen.
Av totalkostnadene på i alt 3,4 milliardar kroner, skal 2,5 milliardar finansierast med bompengar.
Liv Signe Navarsete.
Hardangerbrua blir vedteken
Seinare i dag vil Hardangerbrua bli vedteken med stort fleirtal, og det er samferdsleminister Liv Signe Navarsete glad for.
- Eg er genuint oppteken av næringsliv og samferdsle, og eg ser Hardangerbrua som eit viktig distriktspolitisk tiltak óg. Dette er ein region som har slite i motgang ei stund, og eg håpar at dette kan bli startsskotet for at Hardanger kan få ei ny og meir offensiv utvikling, seier ho.
Hardangerbrua-illustrasjon. (Foto: Svein Udvund / Billedmontasje: Statens Vegvesen)