Hopp til innhold

Bussjåførar blir nekta å frakte turistar inn til naturperle

Sjåførar av turistbussar får ikkje lov til å frakte turistar inn til den naturskjønne Lodalen i Stryn.

Buss i Lodalen.

BOM STOGG: Trafikkaos har blitt ein gjengangar i sommar-Noreg. I naturskjønne Lodalen er vegen så farleg at fleire busselskap ikkje lenger vil køyre der.

Foto: Anne Sølvi Sande

For andre sommar på rad blir turistbussane nekta å køyre inn til ein av dei mest besøkte turistattraksjonane på Vestlandet.

Tusenvis av tilreisande oppsøkjer kvart år Lodalen i Nordfjord. Mange av dei på jakt etter det perfekte Instagram-biletet. I fjor nekta hovudverneombodet i Tide sine sjåførar å køyre vegen. No følgjer fleire store busselskap etter.

Fylkesvegen er rett og slett farleg, meiner bussjåførane. Den er for smal og rasfarleg. Feire stader fryktar sjåførane å hamne i Lovatnet.

– Det er gjort ein del utbetringar, men vi er ikkje nøgde før dei har fått laga skikkelege kantsikringar på dei mest kritiske stadane, seier hovudverneombod Pål Stange i Tide.

Kjersti Kvamme og datteren Rebecca stuper i Lovatnet. Bildet ble delt på Instagram, og har igjen blitt delt tusenvis av ganger over hele verden. Det ble senere også brukt i en reklamekampanje for Renault sommeren 2020.

Det er motiv som dette turistane kjem til Lodalen og Lovatnet for å oppleve.

Foto: Kjersti Kvamme

Reiselivet fortvilar

Utan turistbussane blir det vanskeleg for dei som lever av reiselivet i Lodalen.

– Dei som driv næring inst i dalen vil ikkje tole mange slike sesongar før det kan gå gale, seier reiselivsdirektør Marita Lindvik i Visit Nordfjord.

Inst i Lodalen ligg turistkafeen Kjenndalstova. Bussgjestar frå dei mange cruisebåtane, som kvart år kjem til Nordfjord, er ei viktig inntektskjelde for innehavar Ingvill Tronrud.

– No er alt er snudd på hovudet, cruiseturistar og andre kjem ikkje lenger inn til oss fordi dei har tinga feil busselskap, seier Tronrud.

For verken Tide, Vy eller Borealis køyrer lenger inn Lodalen til Kjenndalstova. Difor har Tronrud sett seg nøydd til å ta grep på eiga hand.

– Sidan det vart så mykje rot i fjor, bestemte vi oss for å ta hand om turistane sjølve. Vi tar i mot dei når dei går i land i Olden og fraktar dei med båt på Lovatnet. Inst i Kjenndalen har vi buss som fraktar dei heilt inn til breen.

Kjenndalstova

Ingvill Tronrud og Jan Ove Hogrenning driv Kjenndalstova inst i Lodalen i Stryn kommune. Dei er heilt avhengige av inntektene frå turistane.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Rakk ikkje å fikse vegen

Før sesongen i år er det gjort ein del tiltak for å betre trafikktryggleiken, men framleis står det att mykje, vedgår Stryn – ordførar Per Kjøllesdal (Sp).

Per Kjøllesdal, ordførar i Stryn.

Per Kjøllesdal (Sp) er ordførar i Stryn.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– I løpet av vinteren har det vorte laga ein del nye møteplassar, og det er også hogge ein del skog for å betre sikta. Så trafikksituasjonen er betre enn den var, seier Kjøllesdal.

Men fylkeskommunen rakk ikkje å gjere nok før turistsesongen starta.

– Men skal vegen verte heilt bra, må det ganske mykje meir til. Ein del er ganske omfattande. Det er meir på gong, men dette var det vi fekk til så langt.

Vanskeleg og kompleks sak

I Visit Nordfjord deler reiselivsdirektøren fortvilinga til dei som prøver å drive næring inst i dalen, men har og forståing for sjåførane som ikkje ønsker å køyre den smale og uoversiktlege vegen.

Marita Lindvik

Marita Lindvik er reiselivsdirektør i Visit Nordfjord.

Foto: ELISE KVIEN / NRK

– Det er gjort ein del utbetringar, men samstundes ligg det og ein del avgrensingar i sjølve dalen for kva som kan gjerast, seier Lindvik.

Ho er likevel oppteken av at sjåførane må få trygge arbeidsvilkår, samstundes som dei som driv næring inst i dalen får føreseielege rammer å drive under.

– Det har dei ikkje slik stoda er i dag. På den positive sida er det bra at dei no brukar vatnet meir til å frakte turistar på. Det er noko eg trur ein også av omsyn til berekraft må gjere meir av i framtida.

Tek ingen sjansar

Vestland fylkeskommune har ansvaret for turistvegen. Avdelingsdirektør for infrastruktur, Dina Lefdal, seier dei planlegg å sikre vegen ytterlegare med rekkverk og utbetring av sikt. Ho meiner likevel at dagens veg er trygg.

– Dette er ein veg som ikkje har all verdas god standard, men så lenge vi held han open vurderer vi han som sikker nok,

For Pål Stange i Tide er trygging av dei smale vegkantane det einaste han kan godta. Hovudverneombodet fryktar alvorlege ulukker, om ikkje noko blir gjort.

Stange viser til bussen som tidlegare i mai køyrde av vegen i nabodalføret, Oldedalen. Her var det lenge fare for at bussen skulle vippe heilt.

– Det er akkurat slike episodar vi ikkje vil ha med våre bussar.

Buss utfor vegen i Oldeldalen

6. mai køyrde ein buss av vegen i Oldedalen.

Foto: Dag Indrebø