Hopp til innhold

Frykta bussen skulle velte

Laurdag føremiddag fekk politiet melding om ein buss som hadde fått eitt eller fleire hjul utanfor vegskuldra på Oldedalsvegen i Stryn. Ifølge innringarar var det fare for at bussen kan tippe, meldte politiet.

Naudetatane rykka ut og det blei opplyst om at bussen står godt på skeive, men at det ikkje var fare for at den hamner i vatnet.

Passasjerane kom seg ut av bussen, og det var ikkje personskadar, opplyser politiet. Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand.

Odd Jarle Kvam i Olden Cruise AS seier at det var om lag 60 cruiseturistar i bussen.

– Dei er glade for at det gjekk bra, og alle er opptekne av at sjåføren ikkje kan klandrast for det som skjedde.

Han fortel at alle valde å halde fram med turen dei var på, sjølv om dei fekk tilbod om å reise tilbake til båten.

Tungbergar er på veg frå Nordfjordeid. Vegen er per no ikkje stengd, men om bussen må sikrast akutt med stropper blir han stengd. Vegen blir også stengd under berginga.

Buss utfor vegen i Oldeldalen
Foto: Dag Indrebø / NRK