Hopp til innhold

Buss og bil frontkolliderte – ein person omkom

Ein person omkom og ein person er alvorleg skadd etter ei møteulukke mellom ein buss og ein personbil på fylkesveg 55 i Luster i Sogn. Fleire av passasjerane i bussen fekk mindre skadar.

Trafikkulukke i Luster

ALVORLEG: Nokre av busspassasjerane skal ha fått mindre alvorlege skadar i ulukka.

Foto: Christian Blom

Litt over klokka halv tre tysdag ettermiddag stadfestar politiet at alle pårørande er varsla og at den eine av dei to i personbilen er omkomen. Samstundes opplyser operasjonsleiar Stine Mjelde at dei er på ulukkesstaden saman med ulukkesgruppa frå Statens vegvesen.

Det var føraren av personbilen, ein mann på 29 år, som mista livet. Kvinna som sat på i bilen er frakta til Førde sentralsjukehus.

Hamna i motgåande felt

Mjelde kan førebels ikkje seie noko kom årsaka til ulukka, men politiet seier at vitneopplysningar tyder på at personbilen kom over i motgåande felt. Det var snø og slaps på vegen, men begge køyretøya var skodde med vinterdekk.

– Det er for tidleg å konkludere med årsaka. Vi veit at det var glatt på staden. Vi har og fått vite at bussen har hatt låg fart då den frontkolliderte med bilen, men det er for tidleg å seie noko om kven som har skuld i ulukka, seier Mjelde.

No blir det gjennomført fleire undersøkingar.

– Deretter blir det oppretta sak frå politiet si side. Kommunane i Sogndal og Luster er varsla, og bidreg med mannskap som kan ta seg av involverte og pårørande, seier ho.

Det er så langt ikkje mistanke om promillekøyring.

– Ulukkesstaden er kaotisk

Rutebussen frå selskapet Tide var på veg frå Fortun til Sogndal med 9 passasjerar då han kolliderte med ein møtande personbil ved Stupshøltunnelen mellom Hafslo og Sogndal.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 09.44 tysdag. Ikkje lenge etter melde politivakta dette på Twitter.

– Ulukkesstaden er kaotisk. Det framstår som ei alvorleg ulukke med fleire skadde involverte.

– Vi har fått opplyst at det skal vere store skadar på personbilen, sa operasjonsleiar Stine Mjelde ikkje lenge etterpå.

Statens vegvesen opplyser at det er tysdag ettermiddag er manuell dirigering forbi ulukkesstaden.

Sat fastklemd

I alt var det 12 personar som var involverte i ulukka. Alt av redningsressursar vart kalla ut, inkludert luftambulansen og eit redningshelikopter.

Den eine av dei to i sat fastklemde i personbilen, og måtte skjerast laus av brannvesenet.

– Vi har overlate vedkomande til ambulansen no, seier vaktleiar Oddbjørn Aune hos Alarmsentralen til NRK rundt klokka halv elleve.

Trafikkulukke på Hafslo i Luster

KAOTISK: Situasjonen er kaotisk på ulukkesstaden.

Foto: Christian Blom

Politiet fekk ikkje køyre utrykking

Det var snø- og slapseføre på ulukkesstaden tysdag føremiddag. Politiet fekk sjølv erfare det dårlege føret på fylkesveg 55 i Luster kort tid før dei fekk melding om den alvorlege ulukka.

– Vi har ein patrulje på veg til tre bilar som har problem på glatta. Men fordi det er svært glatt vegbane tek det tid for dei å nå fram. Det er ikkje trygt for dei å køyre utrykking, så dei køyrer normalt til staden, seier Mjelde til NRK få minuttar før ulukkesmeldinga kom.

Bussjåføren får kriseoppfølging

– Bussjåføren er fysisk uskadd, men får kriseoppfølging, seier kommunikasjonsdirektør Marianne Frønsdal i Tide til NRK.

Ho fortel at selskapet har sett i arbeid kriseteamet sitt, og at fokuser deira no er å følgje opp alle involverte.

– Dette er ei alvorleg ulukke der vi følgjer beredskapsrutinane våre for denne typen ulukker, seier Frønsdal.