Hopp til innhold

Snøvêret har ført til ulykker fleire stader i Sør-Noreg

Natt til tysdag kom den første snøen i store deler av Sør- og Austlandet. Det skapar vanskelege køyreforhold fleire stader.

Vingrom 20.10.2020

MANGE UHELL: Snøen som kom natt til tysdag førte til fleire trafikkuhell tysdag. Politiet og Vegvesenet oppfordrar folk til å køyre forsiktig.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– I dag gjeld det å vere riktig skodd, seier trafikkoperatør Thale Eikeseth.

Enkelte stader i landet er det ordentleg vinter no, slik som på fjellovergangane. Men i løpet av natta har også fleire vegar i lågtliggande strøk fått snødekke.

Eikeseth oppmodar folk til å køyre forsiktig, sjølv om det kanskje ikkje er snø i vegbanen.

– Det kan vere glatt sjølv om det ikkje er snø i vegen, så køyr forsiktig.

Ulykke fylkesvei 40

KØYRDE AV VEGEN: På fylkesveg 40 ved Lampeland i Viken har ein bil køyrd av vegen. Vegen er stengt i forbindelse med berging og det er køar i begge retningar.

Foto: Torbjørn Barikmo

Ventar trafikkulykker

Operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt, Marius Knudsen, fortel at dei ventar mange uhell i trafikken i dag.

– Vår erfaring er at når det kjem snø for første gong og det er store variasjonar i køyreforholda, så fører det fleire trafikkulykker enn vanleg.

Oppfordringa frå politiet er klar:

– Enten så skifter du til vinterdekk og køyrer etter forholda, elles let du bilen stå, seier Knudsen.

Ein sjåfør fekk førarkortet beslaglagt då han køyrde ut av vegen i Elverum med sommardekk i dag tidleg. Det same skjedde med ein førar på Vinstra.

Laster Twitter-innhold

Glatte vegbaner

Allereie i går kveld starta problema. I Austmannali på E134 i Røldal stod ikkje mindre enn tre trailerar fast samtidig rett før midnatt. To av dei kolliderte også.

– Det har vore full gass i heile natt, seier bilbergar Thord Paulsen.

Etter han hadde berga dei tre lastebilane i Austmannali, måtte han også berge tre lastebilar i Håradalen, eit par kilometer lenger vest.

Tre trailerar kjem seg ikkje opp Austmannali på E134

GLATT: Tre trailerar kom seg ikkje opp Austmannali på E134 i går kveld.

Foto: Dag Stenberg

– Det er ekstra viktig å følgje med på ver- og føremeldingar i dag, og vere riktig skodd når ein skal ut i trafikken, seier trafikkoperatør Andreas Larsen.

Det er også vinterføre på hovudvegane inn mot Oslo.

Fleire stader på Austlandet, blant anna i Romerike, er det meldt om fleire trafikkuhell. Politiet ber folk køyre etter forholda.

Laster Twitter-innhold

– Folk tek det roleg

Sjølv om politiet melder om fleire ulykker i Sør-Noreg, seier bilistar NRK har snakka med, at folk tek det roleg.

– Det går smått i dag, det verker som om folk tek det roleg i trafikken, seier Bjørn Einar Hagemoen.

Bjørn Einar Hagemoen

GÅR ROLEG: Bjørn Einar Hagemoen køyrde frå Lillehammer til Hamar i morgontimane i dag. Han seier at det verkar som om folk tek det roleg langs vegane.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Han køyrde frå Lillehammer til Hamar i dag tidleg, og synest det gjekk pent og pynteleg for seg i trafikken.

– Eg la om til vinterdekk i går, og eg regner med at alle som legg ut på vegen i dag har gjort det same.

Kan kome opp mot 20 centimeter

Snøen som kom i natt er derimot kortvarig. I løpet av dagen vil grensa for kor det kjem snø bli heva. Først på Sørlandet, så lengre nord.

Men i fjellet kan snøen bli liggande, og det kan kome meir snø dei neste dagane.

– Det har snødd på alle fjellovergangar på sørvestlandet i natt. Snøen har lagt seg, og det er meldt snø utover dagen. Så det vil nok bli liggande, seier trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen i Bergen, Tom Erik Englaugstad.

Kraftig snøfall i Bykle i Setesdal. Glatt og sleipt føre på riksvei 9.

MYKJE SNØ: Natt til tysdag kom mykje snø i Bykle i Setesdal, og det er glatte føreforhold på riksveg 9. Brøytebilane har i morgontimane gått i skytteltrafikk her.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Det er varsla at det kan kome opp mot 20 centimeter snø i fleire høgtliggande område.

– Vinteren står for tur, så det er absolutt vinterdekk som gjeld no, seier Englaugstad.

Midt- og Nord-Norge har allereie fått ein smak av vinter. I helga var det svært glatt fleire stader.