Hopp til innhold

Brukar 30 000 kroner meir på desse enn elevane i nabofylka

FØRDE (NRK): Kostnaden for å ha ein elev i vidaregåande skule varierer mykje mellom dei tre Vestlandsfylka. Korleis vil det sjå ut om dei tre blir eitt?

Mia Kristine Sunde og Malin Trosvik Skagen

SKEPTISK: Mia Kristine Sunde og Malin Trosvik Skagen er skeptiske til ein stor Vestlandsregion, og trur det blir mindre pengar til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Då trur eg det blir brukt mindre her, og meir fordeling av pengane, seier Mia Kristine Sunde.

Ho har pause frå undervisninga ved Hafstad vidaregåande skule i Førde saman med venninna Malin Trosvik Skagen. Dei er skeptiske til den nye Vestlandsregionen, som er i emning, der Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland blir eitt.

– Viss Sogn og Fjordane no har meir pengar enn Rogaland, så trur eg at ein vil merke det her på ein eller annan måte, seier Skagen.

Høgare snittpris i trivselsfylket

Ei oversikt Rogaland fylkeskommune har laga på oppdrag frå NRK, syner at Rogaland fylkeskommune brukar 30.000 kroner mindre per elev i vidaregåande opplæring per år, enn Sogn og Fjordane. Hordaland brukar 22 000 kroner mindre.

Tor-Einar Holvik Skinlo er assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane.

BEST I KLASSA: Meir pengar per elev kan også ha innverknad på dei gode skuleresultata elevane i fylket har, meiner assisterande fylkesdirektør for utdanning, Tor Einar Holvik Skinlo. – Ein ser også at vi har ein høgare lærartettleik per eleven enn Hordaland og Rogaland.

Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad / Sogn og Fjordane Fylkeskommune

– Små einingar kostar meir å drifte enn store, og i Sogn og Fjordane har vi relativt sette berre små einingar, seier fylkesdirektør for utdanning, Tor Einar Holvik Skinlo.

Han forklarar at når ein dukkar ned i tala og ser på postar som pedagogisk leiing og spesialundervisning, så er utgiftene nokså like i dei tre fylka.

– Det er ikkje sikkert vi her brukar meir ressursar i det enkelte klasserom, men det er færre elevar i kvar klasserom og dermed høgare snittpris, seier Skinlo.

Utdanningsforbundet fryktar konsekvensane

I Hordaland skal talet på vidaregåande skular ned, og den vanskelege jobben har allereie starta og skal vere ferdig i 2030. Før den tid kan Vestlandsregionen vere ein realitet. Likevel trur ikkje direktøren for utdanning i Hordaland at ei slik endring vil spele inn på kor mykje pengar som går til kvar elev og kvar skulane vil ligge.

Steinar Strømsli

UROA: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, seier ein veit lite om korleis utdanningstilbodet i ein ny Vestlandsregion er tenkt. – Det blir krise for skulane i Sogn og Fjordane med stykkprisfinansiering, som dei har i Hordaland. Då ville vi få mykje mindre pengar, trur han.

Foto: Tom Egil Jensen / Utdanningsforbundet

– Kostnaden uttrykkjer særtrekk ved dei tre fylka. Sogn og Fjordane har ein annan folke- og skulestruktur enn dei to andre. Den delen kan ikkje endre seg. Fylket ser ut som no, også om det inngår i ein ny region, seier Svein Leidulf Heggheim.

Leiar for Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli, er ikkje like sikker på at finansiering og skulestrukturen blir som før.

– Det er ingenting som kjem fram av dokumenta som ligg klare i dag for kva planar ein har om skulestruktur, seier Strømsli.

Han peikar også på at Sogn og Fjordane på alle kvalitetsindikatorar gjer det betre enn Hordaland og Rogaland, og har lågast fråfall.

– Blir det mindre pengar hit, så vil vi sjå at fråfallet aukar, og det vil få store samfunnsmessige kostnadar.